Russia Today (RT) rapporterer:
Den russiske ambassaden i Paris var raske med å krevje at franske styresmakter forklarer grunnane til arrestasjonen av grunnleggjar og adm.dir. av meldings-appen Telegram, Pavel Durov, har ein seniordiplomat sagt.
Den russiske teknologigründeren, som òg har fransk statsborgarskap, Dei foreinte arabiske emirata, og Saint Kitts og Nevis, vart ifølgje franske media pågripen etter å ha landa på Paris-Le Bourget-flyplassen laurdag [24.august 2024], og skulle etter planen ha blitt stilt føre ein dommar sundag kveld. Dei franske styresmaktene har visstnok utstada ein arrestordre på Durov, og argumentert at utilstrekkjeleg moderering på plattforma hans gjer at Telegram blir brukt av kriminelle i eit utbreidd omfang.
Den russiske ambassaden sa i ei pressemelding sundag at «so fort nyheitene om arrestasjonen av Durov vart kjent, adresserte vi straks dei franske styresmaktene for å få ei tydeleggjering av grunnane til den, og kravde at dei sikrar at rettane hans blir ivaretekne, og at han får tilgang på juridisk rådgjeving».
Derimot har det enno ikkje [25.august 2024] kome noko svar frå Paris, ifølgje diplomatane. «Den franske sida har so langt unngått samarbeid om dette problemet,» la dei vekt på.
Ambassaden sa òg at dei framleis er i kontakt med advokaten til Durov.
Maria Zakharova, talskvinne for det russiske utanriksministeriet, sa seinare at Moskva har sendt eit formelt notat til Paris med eit krav om rådgjevartilgang til Telegram-grunnleggjaren. «Men han [Durov] har fransk statsborgarskap, som Frankrike oppfattar som overordna [hans russiske],» sa ho til nyheitsbyrået RIA-Novosti.
Zakharova bad på sundag òg om at internasjonale menneskerettsorganisasjonar slik som Human Rights Watch og Amnesty International forsvarer ytringsfridommen, og at dei legg press på Frankrike om å sleppe fri Telegram-grunnleggjaren.
Vise-speaker i det russiske parlamentet, Vladislav Davankov, oppmoda òg Paris om å sleppe fri Durov. Teknologigründeren sin arrestasjon «kan vere politisk motivert og vere brukt for å få tilgang til personleg informasjon om Telegram-brukarar», noko Moskva ikkje kan tillate, åtvara han.
Den tidlegare russiske presidenten Dmitry Medvedev antyda at dette åtaket på Telegram-grunnleggjaren kan koste franske styresmakter dyrt. «[Den franske presidenten Emmanuel] Macron, kom Dykk ut av Frankrike no! Durovs hær kjem for å ts deg,» sa han i eit innlegg på X (tidlegare Twitter).
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
