Å halde tunga i rett munn, del 3

Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er oppdikta. Sjå òg Del 1 og Del 2.

Vår mann Karl har denne regnvåte, stormfulle torsdagsføremiddagen teke turen til kjøpesenteret Horisont i Åsane bydel nord i Bergen, der 15-minuttsbyen med same namn ligg. Det aular av folk på handlesenteret, og det er i grunnen eit ganske urovekkjande teikn sidan det er midt i arbeidstida på ein heilt vanleg vekedag. Karl tenkjer sitt der han går i svart skinnjakke, mørkeblå dongeribukse og impregnerte tursko som glinsar av vatn. Mange er arbeidsledige, mange er for sjuke til å vere i arbeid og mange er på trygd. Det norske arbeidslivet ser ut til å vere på veg mot ein uunngåeleg kollaps, og det overraskar han på ingen måte. Det er jo grense for kor lenge autoritære leiarar kan pine dei tilsette med fryktkultur, utviklingstvang og hersketeknikkar. Det store fleirtalet jobbar for å leve, ikkje omvendt. Kanskje bortsett frå stakkars Coop-Malin i Loddefjord.

På den koselege kafeen Jordbærpikene i andre etasje tingar Karl ein kopp kaffi og eit stykke ostekake. Han set seg ved det einaste ledige bordet i lokalet, tilfeldigvis ved sida av to boblande berg av nokre pratekjerringar. Slike kan tyte hol i hovudet på folk – og gjerne veggen stakkarane sit ved sida av òg. Det var slike ord-onanistar ein ustyrte med kjerringbissel i gamle dagar for å stoppe kjeften på – eller ball gags, som desse har utvikla seg til i dagens pornofikserte digitalverd. Han tek ein slurk kaffi og et ein gaffel ostekake. Han tek so opp si vesle notisblokk som han alltid har med seg, og som gjerne dukkar opp ut av det blå når han treng den mest.

Det store spørsmålet er kva russarar gjer ute på Haakonsvern. Det har tydelegvis oppstått ein amerikansk militærbase der ute, og russarar og amerikanarar skal jo liksom vere fiendar no for tida. Putin og kaklemonsteret Harris vil neppe reise på ferie saman, for å seie det slik. Det han har av informasjon akkurat no er i beste fall fragmentert – det er knapt nok stoff til å lage ein konspirasjonsteori!

Kjelda han skal møte om ei lita stund kan vere ei viktig brikke i dette forvirrande puslespelet.

«Korleis er leilegheita du har flytta inn i, Gerd-Turid?» spør den eine skravlekjerringa. Karl kan knapt tru at der finst so vondsinna foreldre i verda som gjev ein unge eit slikt namn.

«Åh, Haraldine, det er ei soleklar oppgradering frå det rottereiret eg budde i på Landås!» utbryt denne Gerd-Turid.

Haraldine? Foreldre som gjev ungar eit slikt namn burde få besøk av politi, barnevern, psykiatri og kanskje òg ein drillsersjant som gjev dei nokre sinte klaps på rumpa!

«Likar du verkeleg å bu på eit kjøpesenter?» spør Haraldine.

«Ja, eg synest det er praktisk,» svarer Gerd-Turid. «Og eg bur jo ikkje på sjølve kjøpesenteret, eg bur i ‘landsbyen’ som ligg ved sida av. Her bur eg i gåavstand til alt eg treng. Fyrste gong vi gjekk hit, tok barnebarnet mitt tida på FitBit-armbandet sitt. Eg bruker nøyaktig 15 minutt heimanfrå til hit. Det passar meg midt i blinken! No slepp eg å ta bussen eller køyre gjennom den dyre bomringen. Eg treng aldri meir å forlate Horisont.»

«So bra for deg!» Haraldine bøyer seg nærare si kjære venninne. «Men, sei meg… Den leilegheita… Er det sant at den berykta Midazolam-Merete budde der?»

«Den sjukepleiaren som drap ti tusen eldre saman med elskarinna si Morfin-Mona, meiner du?» Gerd-Turid grøssar seg. «Det medfører riktighet. Men seljaren forsikra meg om at det ikkje kjem til å bli nokon som helst problem med dei førre eigarane. Merete er nemleg død, og mannen, vel… Han er ein eller annan stad. Han berre forsvann etter at han drap alle desse busspassasjerane i Masfjordtunnelen i Nordhordland.»

«Hmm, sit han ikkje inne, altso?»

«Nei, han berre forsvann.» Gerd-Turid gnir seg på haka. «Sonen min har ei høg stilling i rettsvesenet. Han var direkte involvert som påtaleadvokat. Saka til mannen kom aldri opp for retten. Den vart liksom berre vekke.»

«Seier du det?» Haraldine ser forundra på Gerd-Turid. «Meiner du å seie at saka vart henlagt?»

«Ikkje henlagt. Den berre forsvann. Dei etterlatne fekk ei gigantisk utbetaling, visstnok frå eit utanlandsk selskap.» Gerd-Turid rettar lett på det vakre perlehalsbandet som ligg rundt den lett rynkete senior-halsen. «Dei etterlatne lever Herrens glade dagar som mangemillionærar og gjeldfrie.»

«Det var då grådig rart.» Haraldine får eit tankefullt uttrykk i ansiktet, men må med éin gong gje seg. «Au, kor vondt! Eg gløymde meg, eg får jo alltid so vondt i hovudet av å tenkje!»

«Huff, det er klart du får vondt i musklar du aldri bruker, søte, vesle deg.» Gerd-Turid grip handa hennar varsamt. «Går det bra med deg?»

«Ja, det kom seg. Dette gjer eg ikkje igjen! Det var akkurat som om hovudet skulle sprengje.» Haraldine ser på klokka. «Nei, eg må kome meg vidare. Eg skal bort på Åsane senter og handle.»

«Skal du heilt bort dit i dette vêret? Det er jo ein diger Coop OBS-butikk i etasjen under oss.»

Haraldine ristar avvisande på hovudet:

«Eg likar ikkje Coop. Dei lurer oss trill rundt med kunstig høge prisar. Og dei vart jo nyleg bøtelagt for prissamarbeid.»

«Ikkje berre Coop, det vart vel 95% av den norske daglegvarenæringa. Vi har jo berre tre butikkonglomerat her i landet. Å boikotte dei blir omtrent som å boikotte offentlege vegar.» Gerd-Turid trekkjer på skuldrene. «Vel, du gjer som du vil. Du må ta godt vare på deg sjølv, og so snakkast vi neste veke. Eg blir no her i området.» Ein kort pause. «For alltid.»

Haraldine ser på ho med eit heller stramt smil. Ho ser faktisk lettare forskrekka ut. So går ho ut av lokalet med sine trippande eldrebølgjesteg. Gerd-Turid reiser seg opp og spaserer i bedageleg sundagstempo ut av det fulle lokalet, i motsett retning av venninna.  

Karl har ein mistanke om kor ektemannen til Midazolam-Merete er no, og kven som betalte dei etterlatne for å late aktlaust massedrap forsvinne på mystisk vis. Vanlegvis heng jo Staten® som ei blodigle på ein stakkar til dei har soge kvar ein bloddrope ut av vedkomande. Aktøren som her er involvert er sannsynlegvis rikare og mektigare – dei kan umogleg vere av denne verda.

Akkurat då ringjer telefonen til Karl. Det er eit nummer han kjenner godt. Det var det nummeret han fekk på Folk & Røvere av den uflidde fylliken.

«Hallo?» svarer han.

«Øh, hei, dette er Timian…!» svarer ei lys, feminin gutestemme som høyrest underleg oppgira ut.

«Hei, dette er Karl. Kor er du? Du skulle ha vore her for ti minutt sidan.»

«Eg kan ikkje kome…! Det er for farleg…

«Hehe, sjølve livet er farleg. Du kan vakne om morgonen og vere i live, og so vakne neste dag og vere steindaud.» Han tek ein slurk kaffi. «Snakk til meg, Timian. Kvifor kom du ikkje? Har du fått kalde føter?»

«Vi har hatt personalmøte…! Dei tok opp arbeidsreglementet og teieplikterklæringa igjen…! Teieplikta er uhyre streng her ute…! Om eg fortel det eg veit til utanforståande, kan det få fæle konsekvensar…

«Er du redd for å bli oppsagt? Eg klandrar deg ikkje. Det skjer jo ut av det blå i våre dagar. Altfor mange ustabile, kvinnelege leiarar som lèt seg diktere av konspiratoriske kjerringar i personalgruppa.» Fleire kvinnehovud snur seg i hans retning.

«Vi blir ikkje oppsagt…! Det er mykje verre enn det…

«Hmm, tek dei livet av dykk?»

«Verre…

«Hmm, kva er verre enn døden? Fangar dei dykk i eit demon-helvete og torturerer dykk i 100 milliardar år?»

Det er stille lenge i telefonen. Akkurat då Karl trur at Timian har lagt på, so svarer han:

«Vi blir ein del av prosjektet…!»

So blir sambandet brote. Karl sit der med heva augnebryn og rynka panne. Mysteriet har no est ut som ein deig som har stått til heving litt for lenge. Mysteriet har faktisk klatra ut av rørebollen og velta seg utover heile kjøkkendisken.

Karl forsvinn ut av lokalet. Tilbake står ein halvfull kopp kaffi og eit so godt som urørt ostekakestykke. Det tek ikkje lange tida før ei av dei gamle perlekjede-kjerringane utan skam grafsar til seg matrestane og slafsar dei i seg. Alt er jo so dyrt i våre dagar på grunn av Putin, kan de skjøne.

Vår mann lyt finne alternative informasjonskjelder. Han må vanke i visse miljø – og nok ein gong gjeld det å halde tunga i rett munn. Faktisk er det i hans tilfelle eit spørsmål om liv eller død, for visse munnar bør vitige tunger halde seg langt unna!

Kommenter innlegget