Frankrike forlengar arrestasjonen av Telegram-grunnleggjar

Dénes Albert på nettstaden Remix News rapporterer:

Arrestasjonen av Telegram-grunnleggjar og adm.dir. Pavel Durov vart forlenga av ein fransk domstol sundag [25.august 2024], noko som lèt dei halde han i varetekt i ytterlegare 96 timar – og etter den tid må dei ha ei ny rettsavgjerd for å halde på han.

Den 39 år gamle adm.dir.-en vart arrestert laurdag på ein flyplass nær Paris, og det blir sagt at Telegram tilbaud ei hamn for bedrageri, narkotikahandel, annan organisert kriminalitet, terroristkommunikasjon og barnepornografi, blant andre ting – trass at liknande fenomen òg er å finne på andre sosialnettverkssider, og trass at vestlege styresmakter lettare kan leggje press på Meta, som er USA-registrert, enn Telegram, som er registrert i Dei foreinte arabiske emirata.

Arrestasjonen av Durov har sett sinna i kok overalt i sosiale media, der talrike politikarar, aktivistar og akademikarar åtvarar om ein alvorleg trugsel mot ytringsfridommen.

Det blir òg påstått at Telegram har spelt ei viktig rolle i å spreie «falske nyheiter» om den russisk-ukrainske krigen, og til og med tent som eit kommunikasjonsverktøy for russiske soldatar på frontlinja. Tenesta tilbyr òg kryptert chat, som i teorien tydar at sjølve selskapet ikkje er i stand til å overvake samtalar, men selskapet sin algoritme er ikkje open-source, i motsetnad til Signal. Tenester slik som WhatsApp, eigd av Meta, hadde visstnok ei bakdør i seg og kan framleis ha svake punkt i tryggleiken som offentlegheita ikkje er klar over.

Skuldingane mot Durov hevdar at Telegram ikkje har gjort nok for å bekjempe kriminalitet på plattforma, men selskapet sa i ei melding sundag kveld at grunnleggjaren ikkje har noko å skjule, sidan han følgjer EU-lover, inkludert Digital Services Regulation (DSA). Dei seier at det er absurd å halde ei plattform eller eigaren av den ansvarleg for åtferda til dei som misbruker plattforma.

Dei russiske styresmaktene skuldar Frankrike for å ikkje samarbeide når det gjeld Durov, som opphavleg kjem frå Russland og som no har statsborgarskap i Frankrike og Dei foreinte arabiske emirata. Adm.dir.-en er kjent som grunnleggjaren av VKontakte, den russiske utgåva av Facebook, men vart tvinga til å forlate sida etter å ha nekta å sensurere russiske opposisjonsgrupper. Han grunnla deretter Telegram med broren sin Nikolai i 2013, som byrja som ein enkel chat-app, men som no lèt grupper på opptil 200 000 menneske å bli skapte, medan Telegram-kanalar, som kan samle følgjarar, liknar på X.

Durov forlét Russland i 2014, og har sidan levd i friviljug eksil.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig. Sjå òg «Russland krev at Frankrike forklarer kvifor dei arresterte Telegram-grunnleggjaren«, publisert 27.august 2024.

Kommenter innlegget