Russia Today (RT) rapporterer:
Helse- og livsstilsvala til verdas eldste menneske burde ikkje bli tekne som ein garanti for eit langt liv for andre, åtvarar Richard Faragher, som er professor i biogerontologi ved universitetet i britiske Brighton.
[Gerontologi er læra om alderdom; oms.an.]
Ifølgje vitskapsmannen er spørsmålet om kvifor enkelte lever til dei blir 100 og nokon ikkje, framleis debattert. Dei fleste ekspertar peiker på flaks eller gode genar som dei sannsynlege grunnane til eit langt liv. Han la derimot vekt på at ekspertar er einige om éin ting: folk som ønskjer å leve lenger burde «aldri nokosinne ta imot helse- og livsstilstips frå ein 100-åring».
Åtvaringa hans kjem berre nokre dagar etter at verdas eldste kvinne, Maria Branyas Morera, gjekk bort medan ho sov 19.august, i ein alder av 117. Morera gav æra for sin høge alder til «orden, ro… ingen bekymringar, ingen anger, mykje positivitet, og halde seg unna giftige menneske.» Bortgangen hennar skjedde etter døden til verdas eldste mann, 114 år gamle Juan Vicente Perez Mora tilbake i april. Hans hemmelegheit for å oppnå eit langt liv var «jobb hardt, kvil i ferie og på heilagdagar, legg deg tidleg» og «drikk eit glas aguardiente [ein sterk, alkoholhaldig drikk] kvar dag».
I eit intervju med The Guardian publisert laurdag [24.august 2024] sa Faragher at, slik som Morera og Mora, so snakkar ikkje dei fleste 100-åringar om trim eller sunt kosthald når dei kommenterer sine lange liv. Han sa at enkelte av verdas eldste menneske innrømte at dei røykte og drakk so mykje dei ville, som «er stikk i strid med mykje epidemiologisk evidens som vi har om korleis ein kan forlenge sin forventa levealder».
«Berre fordi du har overlevd sjølv om du har røykt 60 om dagen, tydar ikkje at det å røykje 60 om dagen er godt for deg… Det faktum at [100-åringar] gjer mange av desse usunne tinga og likevel lever og blomstrar, seier at dei anten er heldige eller typisk særs godt velsigna,» sa han. Han sa at ideen om å ha eit positivt mentalt synspunkt, som Morera nemnde, kan hjelpe til med å fremje eit langt liv, kan vere eit tilfelle av reversert årsaksforhold, sidan folk har ein tendens til å vere rolegare når dei har god helse.
«Når hadde du sist ei verkeleg positiv mental haldning og tannverk?» spurde han.
Etter at Morera gjekk bort, er den eldste nolevande personen i verda no japanske Tomiko Itooka (116), som vart fødd 23.mai 1908, ifølgje den amerikanske Gerontology Research Group. Den eldste personen som har levd nokosinne, var franske Jeanne Louise Calment, som døydde i 1997 i ein alder av 122, ifølgje Guinness’ rekordbok.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
