Britiske sjukepleiarar planlegg å NEKTE helseomsorg til alle som er mot uavgrensa ulovleg innvandring

Belle Carter i Natural News rapporterer:

Ei registrert fagforeining for sjukepleiarar i Storbritannia har akkurat kome med nye retningslinjer om situasjonar der dei kan nekte å behandle, og halde tilbake behandling frå pasientar, og dette inkluderer klientar som er imot ulovleg innvandring, fordi dei [sjukepleiarane] ser på dei som «rasistar».

Royal College of Nursing (RCN) indikerte i dei oppdaterte retningslinjene frå 6.august at i enkelte situasjonar kan det vere greitt å nekte behandling, halde tilbake omsorg eller finne eit alternativ.

«I respons på kommentarar frå helseminister Wes Streeting, har vi oppdatert retningslinjene våre om når og korleis medlemmer kan nekte å behandle ein pasient dei har ansvaret for. Vi anerkjenner at kvar pasientinteraksjon er unik, og dette vil bli den vanskelegaste avgjerda å ta for RCN-medlemmer,» sa RCN i ei melding på nettsida si.

Ifølgje RCN er det nye settet med retningslinjer relatert til rasiståtaka som skjer for tida. Dei hevdar at mesteparten av dei har valt seg ut helsepersonell som mål. Helseministeren uttrykte visstnok eit ønske om å plikte seg til å handtere «den rasistiske misbruken av alt helsepersonell» og bestemte at dette er grunnlag for å avvise pasientar.

«Eg krev at regjeringa sikrar at alle som vel seg ut våre medlemmer som mål, betaler ein særs høg pris. Å høyre at sjukepleiarar som går på jobb i Sunderland vart angripne, er utilgjeveleg,» sa professor Nicola Ranger, RCN-generalsekretær og leiar. «Helsepersonell med innvandrarbakgrunn er verdsette medlemmer av samfunnet vårt, og innbakt i sjølve DNA-et til våre helse- og omsorgstenester. Våre internasjonale kollegaer er velkomne, verdsette, og vi skuldar dei vår største takksemd.»

RCN sa at «rasisme har ikkje plass i vårt samfunn» og som ein anti-rasistisk organisasjon, vil dei ta ei leiande rolle i å takle dette hatet.

Retningslinjene indikerer at sjukepleiarar kan takke nei til, og stoppe å behandle pasientar under følgjande omstende:  

«Der det eksisterer eller er frykt for fysisk vald; der det er diskriminerande åtferd, inkludert rasisme; der det er helse- og tryggleiksfarar, til dømes mangel på skikkeleg utstyr; der omsorga som er kravd ligg utanfor kompetanse eller opplæring; der det er samvitsrelatert protest, der klienten/pasienten er kjent for deg på eit personleg nivå og der du blir beden om å gjere noko ulovleg, eller som er i strid med Nursing and Midwifery Council (NMC) Code

For helseomsorgsgründer Jonathan Engler, oppfører dette profesjonelle organet seg i grunnen som eit sosialjustis-organisasjon, «og representerer eit eklatant brot med etiske prinsipp som har eksistert i mange, mange år» – spesielt når denne spesifikke organisasjonen «rett og slett aper etter regjeringsståstaden om at alle som uttrykkjer noka som helst bekymring om ukontrollert innvandring automatisk må vere ein rasist.»

Engler peikte på det spesifikke avsnittet som avgjer den diskriminerande åtferda til pasientane. «Kven skal liksom dømme kva som er rasistisk? Skal 95-åringar som ikkje held seg oppdaterte om kva som er godkjent ordbruk til ei kvar tid, og bruker utdaterte ord slik som «farga», bli nekta behandling fordi dei er «rasistar»?»

«Heile poenget med ubrytelege etiske prinsipp (og ubrytelege rettar òg, for den del) er at dei ikkje er avhengige av dei rådande omstenda, sidan å vurdere slikt gjev altfor mykje rom for å der og då finne eit påskot for å overlate pasientane til dei ideologiske nykkene til omsorgsgjevarane deira,» argumenterte han. […]

Advokatorgan støttar totalitarisme og undertrykking av ytringar

Solicitor’s Regulatory Authority (SRA) [«Reguleringsorganet for juristar»], organet ansvarleg for å regulere den profesjonelle åtferda til meir enn 125 000 juristar og andre autoriserte individ i meir enn 11 000 firma, so vel som dei som jobbar internt i organisasjonar i privat og offentleg sektor i England og Wales, følgjer i mellomtida òg ein totalitær ideologi som speglar dei nye RNC-retningslinjene.

Jurist Lois Bayliss har blitt skulda av SRA for å «gå mot hovudstraumsvitskap» fordi ho sendte ut anti-vaksinebrev. SRA hevdar at på mindre enn tre veker i februar 2022, sendte ho brev til opp til 450 individ og opp til 237 skular og allmennkirurgi-føretak, der ho truga med at mottakarar kom til å bli stilt strafferettsleg og sivilt ansvarlege.

Bayliss søkte til Solicitors Disciplinary Tribunal [«disiplinærtribunalen for juristar»] om løyve til å kome med uttalar frå ekspertar innan medisin og etikk når saka hennar skal høyrast i september. Dr. Peter Fields sa at juristen hadde rett til å bruke dette bevismaterialet til å forsvare seg sjølv i lys av påstandar som blir lagt fram i SRA si sak. Men tribunalet avviste søknaden, og oppmoda begge partar om å fokusere på naturen til skuldingane, heller enn å gå inn i diskusjonar om Wuhan-koronavirus (covid-19)-vaksinar. SRA bestemte at ho trong å kunne hente inn ekspertar som kunne kome med eit alternativt synspunkt.

Det som skjedde med SRA-saka «samsvarer med den fullstendige mangelen på tillaten debatt overalt av kvar ei regjering når det gjeld tryggleiken til covid-19-vaksinane, og dette ser ut til å vere eit døme på ein visstnok uavhengig institusjon som gjer skitarbeidet til staten i å undertrykke debatt,» kommenterte Rhoda Wilson i The Exposé [eigentleg Jonathan Engler; oms.an.].

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget