DØDELEG vekttap: Studie avdekkjer alarmerande samanheng mellom populære vekttap-legemiddel og auke i sjølvmordstendensar

Cassie B. i Natural News rapporterer:

Ein ny studie har funne ein samanheng mellom den aktive ingrediensen i populære vekttap- og diabeteslegemiddel slik som Ozempic og Wegovy, og ein 45% høgare risiko for sjølvmordsønske.

Det er eit oppsiktsvekkjande funn, som fekk forfattarane av studien til å skrive at «dette treng snarleg tydeleggjering». Studien, som vart publisert i tidsskriftet JAMA Network Open, var basert på ein analyse av Verdas helseorganisasjon sin database over uventa biverknader. For å kome til konklusjonen sin, samanlikna dei rapporteringsratar av sjølvmordstankar og annan sjølvmordsrelatert åtferd hjå individ som tok semaglutid, i tillegg til eit anna vekttap-legemiddel som fell inni same kategorien av legemiddel, liraglutid.

Då dei samanlikna desse sjølvmordsrelaterte ratane med dei til den andre legemiddela som står lista opp i WHO-databasen, fann dei eit sjokkerande 45% høgare sannsyn for sjølvmordstendensar knytt til semaglutid. Blant dei som rapporterte om sjølvmordseffekt av å ta semaglutid, opplevde 86% sjølvmordstankar, medan 6,5% prøvde å gjennomføre sjølvmord, og ytterlegare 6,5% prøvde å ta overdose. Tragisk nok førde seponering [avslutning] av legemiddelet sjølvmordstankane til å gå vekk i berre 62% av tilfella.

Professor i psykiatri og åtferdsvitskap Patrick O’Neil ved Medical University of South Carolina, peikte på at som sentralnervesystem-legemiddel, må risikoen for uventa psykiatriske biverknader av desse legemiddela takast til etterretning.

Han sa til Epoch Times: «Mesteparten av legemiddela som har blitt studert for handtering av sjukeleg overvekt, er sentralnervesystem-legemiddel. Og difor har ein lenge bekymra seg for uventa psykiatriske biverknader assosiert med desse legemiddela, om det er angst, søvnløyse, depresjon, alle desse tinga.»

Forskarane skreiv at rundt halvparten av tilfella av sjølvmordsåtferd som dei identifiserte, fann stad blant folk som brukte legemiddelet utanfor ordinært bruksområde [engelsk off label]. Sjølv om desse legemiddela opphavleg var meint for pasientar med diabetes, blir dei ofte brukt utanfor dette bruksområdet for å hjelpe folk med å gå ned i vekt.

Uheldigvis går auken i sjølvmordstendensar til himmels for dei som tek semaglutid i kombinasjon med angstdempande legemiddel slik som benzodiazepinar eller antidepressiva. Denne kombinasjonen har blitt knytt til ein auke frå 150% til 300% i sjølvmordstendensar.

Chiara Gastaldon, hovudforfattar av studien og forskingsfelle ved WHO, åtvara: «Vi føreslår at legar som ordinerer [skriv ut på resept] semaglutid burde informere pasientane sine om legemiddela sin risiko, og vurdere den psykiatriske historia og evaluere den mentale tilstanden til pasientane før dei startar behandling.»

FDA etterforska dette problemet tidlegare i år, og sjølv om dei på den tida sa at dei ikkje kunne finne ein samanheng mellom sjølvmordstankar og populære vekttap-legemiddel, åtvara dei at dei var ute av stand til å fullstendig utelukke moglegheita for at «ein liten risiko kan eksistere», og lovde å halde fram med å overvake pasientar når det gjaldt biverknader.

Pasientinformasjonen som er å finne i legemiddelpakningane med semaglutid, inneheld allereie ei åtvaring om at ein må passe seg for eventuelle sjølvmordstankar og depresjon.

Semaglutid er allereie knytt til ei rekkje alvorlege biverknader

Semaglutid fungerer ved å herme etter eit hormon som kroppen produserer naturleg etter å ha ete, kjent som GLP-1. Dette får brukarar til å kjenne seg mette lenger.

Enkelte av dei vanlege biverknadene til desse legemiddela inkluderer kvalme, magesmerter, diaré og forstopping. Derimot opplever enkelte pasientar òg meir alvorlege biverknader, slik som plutseleg synstap, skade på synsnerven, betennelse i bukspyttkjertelen, svulstar på skjoldbruskkjertelen, nyresvikt, galleblæreproblem og hypoglykemi [for lågt blodsukker].

Der har òg vore rapportar om gastroparese, som er ei lamming av magen relatert til forseinka tømming av tarmen. For enkelte pasientar er legemiddelet so effektivt i å dempe appetitten, at dei opplever underernæring. Derimot er det viktig å hugse på at dei langsiktige effektane av å bruke desse legemiddela for vekttap er ukjende, og kan vere endå meir alvorlege.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig. Sjå òg «Slankesprøyta Wegovy har HORRIBLE biverknader, men Big Pharma tener fleire titals milliardar i året på den», publisert 5.desember 2023, og «Slankemedisinen Ozempic får skulda for at damer utviklar PERMANENT diaré og tap av tenner», publisert 26.januar 2024.

Kommenter innlegget