Belle Carter i Natural News rapporterer:
Ein valdtektsmann av barn i England sleppte unna med null soningstid rett og slett fordi fengsla er for fulle av dei nyleg arresterte deltakarane frå anti-masseinnvandringsprotestar.
Det seksuelle rovdyret Ross Newman frå Newport vart dømt for valdtekt av eit barn under 14 tilbake i desember 2023. han var i stand til å lure seg unna fengsling etter at forsvarsadvokaten hans oppmoda dommaren til å tenkje på effekten av overfylte fengsel. I domsavgjerda stod det å lese: «Den einaste grunnen til at De har sleppt unna umiddelbar varetekt i dag, er på grunn av overbefolkningskrisa i fengsla.»
Newman vart dømt igjen sist veke for å bryte vilkåra i dommen sin. Derimot sleppte han atter ein gong unna fengsel fordi fengsla framleis var overfylte.
Grunnen til at britiske fengsel er overfylte er anti-masseinnvandrings-protestdeltakarane som har blitt arresterte nyleg. Både Labour og deira konservative forgjengarar har sveltefôra fengselsinfrastrukturen med midlar, medan dei svidde av milliardar på utanlandsbistand og hotell for ulovlege innvandrarar. No, i det opptøyar mot nasjonen sin svake innvandringspolitikk er i full fyr, blir drakoniske tiltak innført for «småbrotsverk» utført av dei som protesterer. Fornærmingar slik som å synge «Kven faen er Allah?» på demonstrasjonar, og dele «djupt krenkjande» sosialmedie-innlegg blir sett på som ulovleg.
Meir enn 1000 menneske har allereie blitt arresterte i samband med «valdeleg uro» i kjølvatnet av opptøyane i England og Nord-Irland tidlegare denne månaden, ifølgje National Police Chiefs’ Council (NPCC). Opptøyane braut ut etter spreiing av feilinformasjon på nettet etter at tre jenter vart drepne i Southport. […]
(Sjå òg «Britiske styresmakter har arrestert fleire protestdeltakarar enn dei har arrestert dei som driv med menneskehandel», publisert 23.august 2024.)
Den britiske statsministeren Sir Keir Starmer har allereie erklært krisetiltak denne månaden for å sleppe laus rundt 5500 fangar, der mange av dei kan vere valdelege kriminelle. Blant dei som visstnok skal sleppast ut før tida er Lawson Natty, dømt for aktlaust drap for hans rolle i drapet på ein 14-åring i november 2022. Starmer skulda krisetiltaka på «eit essensielt nederlag» i forgjengaren Rishi Sunak si regjering. «[Desse avgjerdene må] takast av éin grunn og berre éin grunn, og det er den fryktelege stoda i fengsla som vi i den påtroppande regjeringa har arva frå den førre,» sa han.
Førre måndag vart systemet kjent som «Operasjon Early Dawn» aktivert. Fengselsminister Lord Timpson har sagt at krisetiltaka vil hjelpe til med å «handtere presset følt i enkelte delar av landet».
Men visepresidenten i Prison Governors’ Association, Mark Icke, sa at han «ikkje var sikker» på kor mykje tiltaka vil hjelpe, sidan fengelssystemet har «hangla frå den eine krisa til den neste ganske lenge no».
Under nemnde prosjekt vil tiltalte berre bli kalla inn til retten dersom det står ei celle klar til dei i eit fengsel. Dette tydar at rettssaker kan bli forseinka, og folk haldne i politiceller eller sleppt ut på kausjon medan dei ventar på rettssak. Justisministeriet sa at alle som «utgjer ein risiko for offentlegheita» ikkje vil bli sleppt ut på kausjon, og evna politiet har til å arrestere kriminelle vil heller ikkje bli påverka.
I mellomtida kjem politiet til å halde fram med å arrestere alle som må arresterast for å halde folket trygge, inkludert overvake protestar og arrangement og sikre seg at folk blir arresterte som forventa, sa vise-sjefskonstabel Nev Kemp i NPCC.
Spørjeundersøking: Reform-veljarar meiner opptøydeltakarar blir dømde for strengt
Ei YouGov-spørjeundersøking utført midt i urolegheitene 5. til 6.august avslørte at konservative (48%) og Labour og liberaldemokrat-veljarar (57-58%) meiner at dommane protestdeltakarane fekk var temmeleg greie. Derimot har dei som stemmer på Reform størst sannsyn for å føle at domstolane har vore for strenge mot opptøydeltakarane, der halvparten (51%) seier det, medan berre tre av ti (29%) føler at dei har fått passelege dommar.
Når ein ser på dei spesifikke dommane, føler eit fåtal stadig at dommane som har blitt utdelt har vore for strenge, men folket blir i aukande grad meir tilbøyelege til å meine at dei involverte slepper unna for lett.
Ifølgje det internettbaserte marknadsforskings- og dataanalyse-firmaet, føler seks av ti britar (60%) at eit visst individ som fekk ein dom på eitt år for å gå til åtak på ein politibetjent, fekk for mild straff og ville ha ein lengre dom. I mellomtida følte berre fem prosent av folket at domstolane var for strenge.
Liknande meiner seks prosent at rettssystemet gjekk for langt med dei fire åra og åtte månadene for eit utval brotsverk, slik som dei som vart utført i denne saka om kriminell skade, innbrot og valdeleg uro, inkludert å kaste missil på politiet. Folket, på den andre sida, er jamnare delt mellom dei 44% av britane som føler dette var ein rettferdig dom, og dei 44% som meiner det ikkje gjekk langt nok.
På liknande vis er der åtte til ni prosent støtte i det britiske folket om ideen om at ein dom på seks år og ein annan på meir enn tre år, for ei rekkje brotsverk relatert til valdeleg uro ikkje er proporsjonelle. Nesten halvparten av britane (47-48%) føler at begge dommane var passande, medan 37% føler at dei burde ha vore strengare.
I mellomtida er det britiske folket ikkje overtyda om at opptøyane vart handtert godt, der berre tre at ti britar (31%) føler Starmer gjorde ein god jobb, mot halvparten (49%) som følte han handterte dei dårleg. Der var òg skepsis knytt til det at domstolane dreiv og porsjonerte ut rettferd, der berre ein tredjedel av folket (34%) følte at domstolane dømde opptøydeltakarane effektivt.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
