Sjef for tysk politifagforeining: Innvandringskrisa er fyrst og fremst ei kriminalitetskrise

ReMix News melder:

I det som i aukande grad er i ferd med å bli ein PR-katastrofe for den venstreekstreme tyske regjeringa, set terror-knivåtaket i Solingen, utført av ein syrisk mann, søkjelyset på den uunngåelege samanhengen mellom innvandring og eksplosjonen i kriminalitet og vald. I kjølvatnet av åtaket slo Manuel Ostermann, leiaren i den tyske politifagforeininga (DPoIG) i bordet med rådande status, kalla innvandringsproblemet eit kriminalitetsproblem, og sa at islam er den største trugselen mot landet når det gjeld tryggleik.

«Ja, landet vårt har endra seg. Ingenting med det er positivt. Tyskland er ikkje lenger eit tysk land. Vi har eit massivt problem med knivkriminalitet. Innvandringskrisa er fyrst og fremst ei kriminalitetskrise. Og den største faren for liv og lemmar for folk som bur i Tyskland, er det heilt tydeleg islamistar som utgjer. Denne realiteten kan ikkje lenger ignorerast eller gjerast om til tabu. No er tida inne for å erkjenne realiteten, og innføre tydelege tiltak i denne grunnleggjande kampen mot nøyaktig denne tryggleikspolitikk-galskapen,» sa Ostermann i ei videomelding.

Som leiaren av den nest største politifagforeininga i Tyskland, med nesten 100 000 medlemmer, ber orda hans ekstra tyngd blant folket og politistyrkar som må handtere den stadig meir markante utryggleiken i Tyskland.

 I eit intervju sa han at politikarar ofte leverer tomme frasar etter slike åtak, og Solingen skilde seg ikkje ut. han sa at islamist-terroråtaket i Mannheim, som resulterte i døden til ein politibetjent, viste at der er lite bekymring for det som politibetjentar må stå overfor.

«Det er ufatteleg at budsjettressursar for politiet blir kutta medan trugselnivået aukar,» sa Ostermann til Apollo News.

Ifølgje Ostermann er asylpolitikken i ferd med å mislykkast. Fagforeiningsleiaren sa at der er mangel på fasilitetar for å halde på dei som skal tilbakesendast, byråkratisk galskap, og mangelen på handling frå politikarane. Det faktum at dei fleste tilbakesendingar mislykkast, «seier meir enn tusen ord», sa han.

Ståstaden til Ostermann er ei blank avvising av innanriksminister Nancy Faeser sine årelange påstandar om at ytre høgre er den største ekstremist-trugselen i landet, trass at rikeleg med evidens viser det motsette. No, med rekordhøge kriminalitetsnivå i Tyskland, rekordnivå av utlendingar som utfører brotsverk, og islamist-ekstremist-gjerningsmannen i Mannheim som drap ein politibetjent tidlegare i år, og det nylegaste åtaket i Solingen under Mangfaldfestivalen som drap tre, ser påstandane hennar meir og meir latterlege ut.

I mellomtida hevda Saskia Esken, leiar i Sosialdemokratane (SPD), i respons på Solingen-massakren at «eg trur ikkje vi kan lære særleg mykje av dette åtaket».

Det er mest verdt å merke seg at den syriske gjerningsmannen som var ansvarleg for åtaket, hadde fått ordre om å bli deportert i 2022, men gøymde seg. Etter å ha dukka opp igjen seks månader seinare, fekk han verna status.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget