Steve Watson på nettstaden Modernity.news rapporterer:
Donald Trump trur at Gud redda livet hans førre månad, og resonnerte at sjansen for at det var flaks at han ikkje vart drepen, er for usannsynleg.
I eit intervju med Dr. Phil sa Trump «der må vere ei eller anna høgare makt, fordi du kan ikkje berre seie millionar mot éin, millionar mot éin. Eg brukte å seie millionar mot éin. Det er mykje meir enn det fordi, igjen, du må trekkje i naudbremsa.»
Trump, som viste til vendinga av hovudet som redda livet hans, heldt fram: «Der må finnast ein grunn til å vende seg til høgre. Og eg vender meg aldri [plutseleg] til høgre. Der er ingen grunn til det.»
«Og ikkje berre til høgre, det skjer på eit åttandedels sekund. Det er ikkje berre høgre. Det er, av all den tida som er på denne planeten, eit åttandedels sekund, ikkje sant?» la han til.
På spørsmålet «Er der eit føremål? Trur du at der er ein grunn til at du vart spart?» svarte Trump: «Eg meiner, det einaste eg kan tenkje meg er at Gud elskar landet vårt, og Han trur vi kjem til å få landet vårt tilbake igjen på rett kjøl. Han ønskjer å få det tilbake.»
«Det er so ille no det som skjer når du ser på kriminaliteten, dei fryktelege tinga som skjer i landet vårt, og det kan løysast. Det kan løysast temmeleg raskt,» la han vekt på.
«Det må vere Gud,» insisterte Trump vidare, og la til: «Korleis kan du seie at det er flaks når oddsa er éin til 20 millionar? Det er ikkje mogleg at eg var i den posisjonen. Det er den einaste posisjonen der den kula kunne ha bomma.»
Andre stader i intervjuet kritiserte Trump Biden/Harris-administrasjonen for å nekte førespurnad om ekstra Secret Service-personale, og for å bruke retorikk som oppmuntrar til vald mot han.
«Eg trur til ei viss grad at det er Biden si skuld og Harris si skuld,» erklærte Trump, og forklarte: «Sjå her, dei dreiv og brukte staten som våpen mot meg, dei trekte inn heile Justisdepartementet for å prøve å ta meg, dei var ikkje so altfor interesserte i helsa mi og tryggleiken min.»
«Dei gjorde det særs vanskeleg for oss å ha skikkeleg bemanning når det gjeld Secret Service,» la han til.
«Dei seier eg er ein trugsel mot demokratiet. Dei dreiv og sa dette, det var standardlinja; berre hald fram å seie den, og du veit at det kan få attentatmenn eller potensielle attentatmenn til å skride til verks. Det er ein frykteleg ting,» la Trump vekt på, og la til: «Kanskje den kula kom på grunn av retorikken deira.»
(Sjå òg «Trump antydar at Biden og Harris er delvis skuld i attentatforsøket mot han», publisert 30.august 2024.)
Dr. Phil spurde òg Trump om han trudde at Kamala Harris og Joe Biden tykte det var «greitt» dersom han hadde blitt drepen.
«Eg seier ikkje at dei vil at du skal bli skoten, men synest du det var greitt for dei om du vart det?» spurde programleiaren, noko som fekk Trump til å svare: «Eg veit ikkje. Der er mykje hat. Eg veit ikkje kvifor.»
Heile intervjuet kan sjåast her.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
