Elon Musk åtvarar at sensur av X er «heilt sikkert» dersom Kamala Harris vinn

Steve Watson på nettstaden Modernity.news melder:

X-eigar Elon Musk har åtvara amerikanarar om at dersom Demokratane vinn valet november, vil sensur av plattforma «heilt sikkert» skje.

Musk svarte på eit innlegg der det stod at X kunne bli stengt ned i USA slik det har blitt i Brasil, der ein venstreorientert dommar gjorde det for å sensurere sine politiske motstandarar.

«Då vi prøvde å forsvare oss sjølve i retten, truga dommar [Alexandre] de Moraes vår brasilianske juridiske representant med fengsel. Sjølv etter at ho trekte seg, fraus han alle bankkontoane hennar,» står det å lese i innlegget frå X Global Government Affairs.

Dei legg til at «Våre utfordringar mot hans beviseleg ulovlege handlingar vart anten avvist eller ignorert. Dommar de Moraes sine kollegaer i Høgsteretten er anten uviljuge eller ute av stand til å seie han imot.»

Musk formante at denne situasjonen lett kunne utfalde seg i USA om Trump ikkje skulle bli valt.

Musk følgde opp med eit innlegg som sette søkjelys på tidlegare opptak av Kamala Harris, der ho kravde at Trump skulle stengjast ute frå gamle Twitter.

«Ytringsfridommen er under massivt åtak rundt om i verda,» erklærte Musk.

Harris er frå før av kjent for å sensurere sosiale media for si eiga politiske vinning.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget