Kreml skjeller ut Frankrike for arrestasjon av Telegram-grunnleggjar

Russia Today (RT) rapporterer:

Kreml-talsmann Dmitry Peskov har stilt spørsmål ved kva slags rasjonale franske styresmakter har for arrestasjonen av Telegram-adm.dir. Pavel Durov, og han har peikt på kor absurd det er å halde han ansvarleg for brotsverk som blir utført ved hjelp av nettverket hans.

Den russiske tech-gründeren vart pågripen på Paris-Le Bourget-flyplassen veka før førre veke, og har i etterkant blitt sikta for fleire brotsverk, inkludert å vere delaktig i «å administrere ei nettplattform» brukt av kriminelle gjengar til å utføre ulovlege aktivitetar, og for å nekte å samarbeide med etterforskarane.

I ein samtale med den russiske journalisten Pavel Zarubin laurdag [31.august 2024], erkjende Peskov at russiske styresmakter tidlegare hadde «spørsmål» til tech-milliardæren, men la vekt på at Moskva aldri prøvde å arrestere han.

«Terroristar bruker vitterleg Telegram-nettverket. Men terroristar bruker òg bilar. Kvifor arresterer dei ikkje adm.dir-ane i Renault eller Citroën?» spurde Kreml-talsmannen då han vart beden om å kommentere arrestasjonen av Durov, og kor vidt han hadde ein beskjed til sine «europeiske kollegaer».

Pavel Durov, som bur i St. Petersburg og har statsborgarskap i Russland, Frankrike og Den foreinte arabiske emirata og Saint Kitts og Nevis, forlét formelt heimlandet sitt i 2014 etter at politiet skulda han for å nekte å gje etterforskarar tilgang til terror-mistenkte sin kommunikasjon. Disputten vart avgjort i 2020 då russiske telecom-regulatorar erklærte at dei ikkje hadde fleire problem med Telegram.

I eit intervju med den amerikanske journalisten Tucker Carlson i april, hevda Durov at han konsekvent hadde nekta å gje brukardata til nokon styresmakter, inkludert dei amerikanske etterretningstenestene, eller å installere ei overvakings-«bakdør» i appen, som har nesten ein milliard brukarar i månaden.

Arrestasjonen av den russiske milliardæren har vekt sinne over heile verda, der offentlege leiarar slik som X (tidlegare Twitter)-eigar Elon Musk og Silicon Valley-etterforskar David Sacks skulda franske styresmakter for å gå til åtak på ytringsfridommen.

Durov vart sleppt ut på kausjon sist onsdag [28.august 2024] og fekk ordre om å halde seg i Frankrike til saka mot han er over. Dersom han blir dømt kan han risikere opptil ti års fengsel.

Telegram held fast på at selskapet følgjer EU-lover, og at deira retningslinjer for moderering av innhald held seg «innanfor industristandarden».

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget