Thomas Brooke på nettstaden ReMix News rapporterer:
Ein afghansk barnevaldtektsmann har fått tusen euro [ca. 11 700 kroner] av den tyske regjeringa etter at han vart sendt tilbake til heimlandet saman med 27 andre dømte kriminelle.
Det her namnlause individet hevda å vere 16 år gammal då han vart dømt for valdtekt og seksuelt overfall på ei 11 år gammal jente i Neustrelitz slottspart tilbake i juli 2022.
Saka sette sinna i kok hjå konservative politikarar etter at gjerningsmannen fekk ein betinga fengselsstraff på eitt år for åtaket.
Derimot bekrefta Tysklands føderale innanriksminister Nancy Faeser at 28 afghanske kriminelle har blitt deportert i det fyrste repatrieringsforsøket til Afghanistan sidan Taliban vendte tilbake til makta.
Dei tilbakesendte hadde alle blitt dømt for alvorlege brotsverk i Tyskland under opphaldet sitt i Europa, inkludert valdtekt, mordbrann under skjerpa omstende, og narkotikabrotsverk. Enkelte hadde vore under ordre om å forlate tysk territorium sidan 2019, men hadde likevel heldt fram med å bu i landet.
Kvar migrant fekk 1000 euro frå den føderale regjeringa som støtte til buutgifter i heimlandet frå mellom seks til ni månader.
Delstatsministrar som er tilknutt den noverande venstre-liberale trafikklys-føderale koalisjonsregjeringa har byrja å snakke hardt om deportasjon av utanlandske kriminelle etter ein auke i støtte for anti-immigrasjonsparti.
«For vår del vil alle som har rett til beskyttelse finne hjelp i Rheinland-Pfalz, men vi har ingen rom for dei som utfører alvorlege brotsverk i samfunnet vårt,» sa Rheinland-Pfalz sin integrasjonsminister Katharina Binz frå Dei grøne.
«Vi må betydeleg auke talet deportasjonar,» sa SPD-innanriksminister George Maier i Thüringen, den tyske delstaten som var vitne til ein historisk siger for ytre høgre-partiet Alternative für Deutschland (AfD) sist helg, ved at dei stod på toppen av spørjeundersøkingane for fyrste gong nokosinne i eit delstatsval.
Retorikken i Tyskland om oppskaleringa av deportasjonar har auka nyleg etter den seinaste knivstikkingsepisoden i Solingen, der ein syrisk migrant knivstakk fleire menneske under ein mangfaldsfestival, og drap tre.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
