Ethan Huff i Natural News rapporterer:
Kontrovers held fram med å omringe milliardær-elkøyretøy-guruen og romfartsentusiasten Elon Musk på grunn av måten han vel å styre sosialmedie-plattforma X (tidlegare Twitter) sidan han kjøpte den opp.
Robert Reich i The Guardian er so opprørt over retninga Musk har teke X i, at han ønskjer at lovgjevarar rundt om i verda skal «truge» Musk «med arrestasjon» med mindre han overgjev seg til visse krav.
Reich trur òg at Vi, folket har makta til å stoppe Musk òg. Her er fem måtar som Reich trur både den generelle befolkninga og staten kan «leggje band på» Musk:
- Boikott Tesla. Sjølv om du er ueinig i at Musk er ein skurk som treng straff, er Teslaer framleis usikre, overprisa og ei generelt dårleg investering. Selskapa til Musk ville ikkje ha vore so «vellykka» som dei er utan subsidiar frå amerikanske skattepengar. Grunnane Reich har for å boikotte Tesla er openbert annleis, sidan han ser på Musk som nokon som tillèt altfor mykje frie ytringar på nettet. Tydelegvis finst der andre som føler det same, sidan ei ny spørjeundersøking viser at ein tredjedel av alle britar har mindre sannsyn for å kjøpe ein Tesla på grunn av Musk si nylege åtferd.
- Boikott reklamar på X. Denne handlar om å stoppe Musk frå å tillate konservative ytringar på X, som før han tok over plattforma var strengt forbode. Ein koalisjon av annonsørar har slått seg saman i eit forsøk på å stoppe Musk, noko som har fått han til å erklære krig med eit antitrust-søksmål. «Vi prøvde med fred i to år, no er det krig,» skreiv Musk.
- Oppmod lovgjevarar til å stoppe Musk ved å truge han med arrestasjon. Det som nyleg skjedde med Telegram-adm.dir. Pavel Durov i Frankrike er det Reich òg ønskjer skal skje med Musk for «å spreie løgner og hat på X».
- Få FTC til å gje Musk ordre om å lyde, under trugsel om søksmål viss ikkje. Etter Reich si meining har ikkje Musk sine frie ytringar under First Amendment «forrang over den offentlege interessa». Han meiner dette på grunn av ei nyleg Høgsterettsavgjerd som lèt føderale byrå presse sosialmedie-selskap til å fjerne «feilinformasjon».
- Krevje at USA avsluttar alle kontraktar med Musk, og aller fyrst med SpaceX. I 2021, medan verda var distrahert av Wuhan-koronavirus (covid-19)-«pandemien», laga Washington ein kontrakt til ein verdi av 1,8 milliarar dollar med SpaceX, som inkluderer «oppskyting av hemmelegstempla og militære satellittar». Utan desse skattepenge-finansierte avtalane, vil SpaceX og Musk sine andre selskap høgst sannsynleg gå konkurs. […].
Reich er òg imot campus-protestaksjonar for Palestina
For nokre månader sidan skreiv Reich òg ein artikkel som fordømte pro-Palestina-protestaksjonane rundt om på college-campusar. Han hevdar at han støttar ytringsfridommen, men som mange seier i våre dagar, burde der vere «ei grense», seier han, når det gjeld kva folk skal få lov til å seie.
«[U]niversitet burde gå ut av sine gode skinn for å tolerere uttrykk som gjer enkelte ukomfortable,» skreiv han. «Å sverte all fornærmande tale som ‘hattale’ og forby det, fjernar ei sentral søyle i utdanning. Naturlegvis er det fornærmande. Det er laga for å fornærme.»
«Der går naturlegvis ei grense. Uttrykk som har som mål spesifikke studentar, ‘doxar’ dei [legg ut privat informasjon på nettet; oms.an.], eller på nokon andre måtar prøver å skade dei som individ inviterer ikkje til læring. Det er ei form for intimidering. Det burde ikkje vere tillate.»
Med andre ord, hald kjeft dersom du har noko som helst anna enn lovprising av sionismen på hjartet, fordi at å seie kva du meiner om krigen er å skade kjenslene til jødiske personar som helst ikkje vil stå overfor eit «fiendtleg miljø».
Kva synest du om alt som skjer på X for tida?
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Du glemte å få med deg bakgrunnen hans, noe som her er svært viktig.
Han var i regjeringen til Obama, og som vi vet. Obama og kretsen hans er ikke for demokrati, til tross for navnet Demokratene.
Det er som Den demokratiske folkerepublikken Mao grunnla.
https://en.m.wikipedia.org/wiki/Robert_Reich
LikarLikt av 1 person
Takk for opplysninga, Feliz 😀
LikarLikar
Apropos X, er Saksyndig å finne på den plattformen? Har søkt, men ikke funnet noe.
LikarLikar
Nei, Saksyndig er ikkje på X.
LikarLikar