Ukraina trugar Mongolia med «konsekvensar» for å ikkje arrestere Putin

Niamh Harris på nettstaden The People’s Voice melder:

Det ukrainske utanriksministeriet har truga Mongolia med «konsekvensar» for å ikkje arrestere den russiske presidenten Vladimir Putin då han kom til Ulaanbaatar måndag [2.september 2024].

Dei håpte at den mongolske regjeringa skulle sende Putin til Den internasjonale straffedomstolen (ICC).

Putin sitt besøk i Mongolia er hans fyrste i ein medlemsstat av ICC sidan domstolen sendte ut ein arrestordre på han i mars 2023.

RT rapporterer: Ordren krev at domstolen sine 124 medlemsstatar pågrip Putin for utlevering om han skulle setje sine bein i deira land, men Kreml-talsmann Dmitry Peskov sa før turen at Moskva «har ingen bekymringar» for om «våre venner frå Mongolia» skulle lyde ordren.

Etter at Putin kom til landet utan kontrovers, gjekk talsmann for det ukrainske utanriksministeriet Georgy Tykhy ut på sosiale media for å klage.

«Det at den mongolske regjeringa har mislykkast i å utføre den bindande ICC-arrestordren på Putin, er eit tungt slag for Den internasjonale straffedomstolen og det internasjonale kriminalrettssystemet,» skreiv han på X.

«Mongolia lét den sikta kriminelle sleppe unna rettferd, og er dermed delvis ansvarleg for krigsbrotsverka hans. Vi skal arbeide med partnarar for å sikre at dette får konsekvensar for Ulaanbaatar,» la han til.

ICC kunne formelt fordømme Mongolia for å ikkje følgje arrestordren. Derimot manglar dei autoritet til å bøteleggje, innføre sanksjonar, eller nokon andre straffer. Dei manglar òg ein mekanisme for å handheve sine eigne arrestordrar, og er avhengig av at medlemsstatar vel om dei skal følgje dei eller ikkje.

Verken Russland eller Ukraina har skrive under på Roma-statutten, 1998-avtalen som etablerte domstolen. Den ukrainske regjeringa ratifiserte [godkjende] statutten førre månad, men inkluderte ein klausul der det stod at dei ikkje kjem til å anerkjenne jurisdiksjonen til domstolen når det gjeld saker som involverer ukrainarar.

ICC kom med arrestordren i mars 2023, og skulda Putin og barnerettskommisjonæren i Russland, Maria Lvova-Belova for den «ulovlege deportasjonen» av barn frå «okkuperte område i Ukraina». Moskva avviste skuldingane som absurde, og peikte på at styrkane deira evakuerte sivile frå ei kampsone der dei var i umiddelbar fare for ukrainske artilleri og droneåtak.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget