Eigar av logistikkselskap hevdar apekopp-vaksinar blir hemmeleg distribuert i forkant av novembervalet

Belle Carter i Natural News melder:

Apekopp-vaksinen blir hemmeleg sendt ut i heile USA i forkant av novembervalet, hevdar eigaren av eit logistikkselskap.

Føretakseigaren kom med denne åtvaringa under ein nyleg episode av The Alex Jones Show på InfoWars. Han tok kontakt via telefon med Jones for å spreie merksemd, og sa til InfoWars-eigaren at ordren om å distribuere apekopp-injeksjonen kom frå Big Pharma.

«Plutseleg vart [selskapet mitt] overvelda med [førespurnader] om ‘Kan du hjelpe oss?’ ‘Kan du sende fleire lastebilar og sjåførar?’ Det er for dei neste tre til fire dagane og til neste veke,» avslørte han. «Dei må vere i ferd med å sende ut eit digert volum av det som dei kallar mpox (ikkje monkeypox)-vaksinar.»

Lastebilsjåføren svarte bekreftande då Jones spurde om ordrane spesifikt gjaldt apekopp-vaksinar. Innringjaren heldt fram: «Spesifikt vil det gå inn i våre fire lastebilar til flyplassar og so over til eit anna fraktefartøy, kanskje for distribuering over heile verda, eller i det minste i heile landet.»

Ein annan innringjar ved namn David, ein pensjonert tilsett i Department of Homeland Security, eksponerte òg den hemmelege distribueringa av injeksjonane. David starta opp eit lastebilselskap etter å ha pensjonert seg, og delte med Jones at han òg fekk telefonar frå Cardinal Health. Han vart spurt om å transportere vaksinane frå La Vergne, Tennessee, direkte til Memphis, og so til Indianapolis og til eit fly, der det heile skal sendast ut til heile USA i rekortfart.

David sa til Jones: «Eg trur at, akkurat som covid-19-skremselen, so kjem dette til å bli den neste store, stygge ulven, for å halde folk vekke frå røystebodane og heime, tvinge dei til å ta ein vaksine for å behalde jobben, kjøpe matvarer eller kva enn slags andre ting.»

Jones bekrefta i tillegg at han snakka med ei påliteleg kjelde, som bekrefta at infrastrukturen blir gjort klar til ei nedstenging, sivil uro og sivil krise, som han sa er ein politisk korrekt terminologi for «krigslover».

Distribueringa av apekopp-vaksinar fall saman med den stadige merksemda rundt sjukdommen, spesielt etter utbrotet som fann stad dei siste åra. Timinga til desse sendingane, akkurat i det landet gjer seg klart til 2024-presidentvalet, har ført til spekulasjonar om desse vaksinane blir lagra eller førebudd for omfattande bruk snart, rapporterte YourNews.

UNICEF tillèt umiddelbar tilgang til mpox-vaksinar for land med «mange tilfelle»

I mellomtida lanserte United Nations Children’s Fund (UNICEF) nyleg ei naudordning for apekopp-vaksinar for å hjelpe land som er hardast råka av det nylege utbrotet av sjukdommen.

«Naudordninga er laga for å sikre umiddelbar tilgang til tilgjengelege mpox-vaksinar, so vel som utviding av produksjon,» sa FN-byråaet i ei melding som vart sendt ut saman med Verdas helseorganisasjon (WHO), Gavi-vaksinealliansen og afrikanske Centers for Disease Control and Prevention (CDC). […]

Avhengig av produksjonskapasiteten til produsentane, kan avtalar for opptil 12 millionar dosar til og med 2025 bli gjort, ifølgje meldinga. UNICEF har òg planar om å få i stand andre forsyningsavtalar med vaksineprodusentar. Dette vil gjere til at UNICEF kan kjøpe opp og sende ut vaksinar utan forseinking so fort land og partnarar har sikra finansiering, bekrefta behov og beredskap, og so fort dei lovverksmessige krava for å ta imot vaksinane er klare.

Meldinga la til at WHO ser gjennom informasjon sendt inn av produsentane 23.august, og forventar å bli ferdige med ein gjennomgang for naudbruk innan midten av september. Byrået ser gjennom søknader for naudlisensar for to vaksinar laga av Bavarian Nordic og japanske KM Biologics.

14.august erklærte WHO ei internasjonal krise av apekoppar på grunn av «auken i tilfelle» av den nye Clade 1b-stammen i Den demokratiske republikken Kongo (DRC) som spreidde seg til nabolanda. Meir enn 18 000 mistenkte tilfelle av apekoppar har blitt rapportert i DRC so langt i år, med 629 dødsfall.

Fleire utbrot av ulike apekopp-cladar har funne stad i ulike land, med ulike overføringsmåtar og ulike risikonivå. Den siste månaden har meir enn 100 laboratoriebekrefta tilfelle av Clade 1b blitt rapportert i fire naboland til DRC som ikkje har rapportert om apekoppar før – Burundi, Kenya, Rwanda og Uganda. Men ekspertar trur det reelle talet av tilfelle er høgare, sidan ein stor andel av klinisk kompatible tilfelle ikkje har blitt testa.

Videoen der dei to innringjarane åtvarar Alex Jones om den hemmelege, landsomfattande distribueringa av apekopp-vaksinar kan sjåast her.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget