Russia Today (RT) rapporterer:
Den amerikanske Republikanar-presidentkandidaten Donald Trump har skulda Ukraina for å bevisst dekkje over det reelle talet dødsfall i konflikten deira med Russland. I eit intervju på Lex Fridman-podcasten publisert tysdag [3.september 2024] hevda Trump at «dødstala kjem til å vere mykje høgare enn folk trur», når tida er inne for å «jamne ut» tapa.
Informasjon om tap av soldatar har vore vanskeleg å bekrefte, der Zelensky tidlegare i år hevda at det låg på rundt 31 000, medan både russiske og utanlandske estimat indikerer at dei kan vere langt høgare.
«Dei lyg om tala,» påstod Trump på podcasten. Han forklarte ikkje kvifor han trur at Kiev gjer dette, sjølv om det blir sett på som standard praksis for land å overvurdere fiendetap og undervurdere sine eigne under krig.
«Dei prøver å halde [tala] låge. Dei riv ned ein bygning som er to kvartal lang, og dei seier at ein person vart lettare skadd. Nei, nei, mange menneske vart drepne… millionar av menneske,» sa Trump.
Kontoret for FNs høgkommisjonær for menneskerettar har registrert talet sivile døde, eller ikkje-væpna individ, i Ukraina frå byrjinga av konflikten i februar 2022 til 31.juli 2024, til 11 520. Byrået sa at dei reelle tala kan vere høgare. Anonyme amerikanske tenestepersonar sa til New York Times førre månad at talet ukrainske soldatar som har blitt drepne i heile konflikten er 70 000.
I podcasten sa Trump at konflikten med Russland er «ein krig som ikkje burde ha skjedd». Han skulda administrasjonen til den amerikanske presidenten Joe Biden for å mislykkast i å forhindre den, og sa at situasjonen no er sopass ute av kontroll at ein fredsavtale «er ein mykje tyngre avtale å gjere enn det ville ha vore før det heile starta».
Trump fornya sin tidlegare lovnad om å gjere slutt på konflikten og «få i stand ein avtale» dersom han blir gjenvalt i november.
Ukraina publiserer sjeldan rapportar om det offisielle talet døde sivile, og tala er vanskelege å vurdere sidan ingen truverdig, uavhengig teljing har blitt utført. Dei siste tala som vart offentleggjort i juni i fjor, la talet sivile døde på rundt 10 000 – derimot sa Oleg Gavilch, ein topp-hjelpar til Zelensky sin stabssjef Andrey Ermak, på den tida at det reelle talet kunne vere fem gonger høgare.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
