Polsk festival fremjar sexarbeid som ein måte å tene ei anstendig lønn

Liz Heflin på nettstaden ReMix News melder:

Festivalen Queerz Get Loud [«skeive, bli høglytte!»] som finn stad på Lublin kultursenter i Polen 6. til 8.september, skal inkludere eit panel om prostitusjon.

«Feiring, mangfald, ei plattform for å oppleve kvarandre saman, inspirasjon og stimulering, og ein bråte ulike uttrykksmåtar – dette er det Queerz Get Loud alltid har vore og vil bli,» står det å lese i skildringa av arrangementet, ifølgje nyheitsportalen DoRzeczy.pl. [Do rceczy tydar «til poenget»; oms.an.].

Det står vidare at Camera Femina-stiftinga «gjer» Lublin «skeiv» for femte år på rad, og kallar byen «eit viktig punkt på skeive-kartet til Polen».

Kva kan besøkande forvente? Bodar, møte, diskusjonar, premiere på eit nytt blad, filmvisningar, ei teaterframføring, konsertar, eit drag- og burlesk-show, og… ein paneldebatt om «sexarbeid».

«I historia til kampen om LGBT-rettar, spelte transpersonar og ikkje-kvite som tok del i sexarbeid ei viktig rolle. Dette aspektet blir ofte utelate i hovudstraumsforteljingar. Skeiv estetikk har alltid kome frå sexarbeids- og seksualitetskulturen. I tillegg var sexarbeidar-samfunnet alltid meir inkluderande overfor skeive, og tilbaud eit tryggare miljø samanlikna med den fiendtlege verda utanfor. Under diskusjonen, som finn stad med erfarne sexarbeidarar, skal vi òg fokusere på den økonomiske ekskluderinga av skeive, der sexarbeid ofte er den einaste måten dei kan unngå fattigdom. For transpersonar er det ofte det einaste tilgjengelege alternativet for å få midlane som er naudsynlege for å byrje kjønnsskifteprosessen. Når dei står overfor avgrensa moglegheiter, kan sexarbeid vere ein måte å tene ei anstendig lønn,» står det å lese i skildringa.

Det faktum at prostitusjon blir snakka om på ein festival for skeive er ikkje ei særleg stor overrasking. Ei heller at skeive og transpersonar ofte dukkar opp i dette arbeidsfeltet. Derimot kjem prostitusjon òg med ei rekkje alvorlege ulemper, inkludert risiko tilknytt mental, so vel som fysisk helse.

«Prostitusjon er nært knytt til ymse psykologiske patologiar og påverkar ikkje berre dei som er direkte involvert, men òg samfunnet som eit heile. Studiar har vist at både gate- og innandørs-sexarbeidarar har opplevd omfattande misbruk i barndommen og ungdommen, med skilnader i traumeratar mellom dei to gruppene,» ifølgje Wikipedia, som har ei heil side om dei uheldige verknadene prostitusjon har på den psykiske helsa.

Der finst jo trass alt andre måtar å tene pengar på, sjølv om dei ikkje er so godt betalte som sexarbeid. Medan organisatorane reklamerer om at sexarbeidarar «tener ei anstendig lønn», er det ofte ein karriere proppfull av narkotika, utnytting og kriminalitet.

Organisatorane skriv at «skeiv estetikk alltid har kome frå sexarbeids- og seksualitetskulturen». I praksis driv organisatorane og seksualiserer transpersonar og svertar homofili med generelle merkelappar som mange i begge samfunna kan oppleve som negative.

Når ein vender tilbake til Camera Femina-stiftinga, kallar ei skildring den «ei stifting som er forkjempar for kvinners deltaking i kulturelt, artistisk og offentleg liv. Camera Femina utfører òg arbeidsgrupper og utfører likskaps-mainstreaming-prosjekt som endrar det androsentriske [mannsfokuserte] narrativet som dominerer innan kunst, vitskap og business.»

På Camera Femina si eiga side står det: «Denne sida vart grunnlagt av filmartist Maya Han for å fremje synlegheita til bevegande bilete av og om kvinner og historisk marginaliserte kjønn, ved å setje søkjelys på verk av betydning og deira visningar og utstillingar i New York by-området.»

Etter heile #MeToo-rørsla og forsøk på å opphøge homofile og bli meir inkluderande overfor transpersonar, føler det rett og slett feil å deretter invitere LGBTQI-gjengen til å feire det å bli gjort om til seksualobjekt – nei, verre, «selt».

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget