Studie avslører at det er temperaturen på havoverflata, ikkje menneskeskapte utslepp, som driv CO2-nivåa i atmosfæren

Lance D Johnson på NewsTarget, systersida til Natural News, rapporterer:

Trass alt hysteriet rundt menneskeskapte utslepp, viser det seg at utslepp frå fossilt drivstoff berre har ein ubetydeleg effekt på CO2-nivåa i atmosfæren, spesielt når ein samanliknar det med naturlege fenomen slik som naturlege fluktueringar i temperaturen på havoverflata. Ein banebrytande ny studie utfordrar trua ein har hatt i mange år om at menneskeskapte utslepp er primærdrivkrafta bak aukande konsentrasjonar av karbondioksid (CO2) i atmosfæren. Forskinga, som vart publisert i Science of Climate Change, argumenterer at havoverflatetemperaturar (HOT) speler ei langt viktigare rolle enn antropogeniske (menneskeskapte) faktorar i å avgjere årlege endringar i CO2-nivå. Denne forskinga stiller spørsmål ved kvar einaste klimaendringsagenda stilt av globale regjeringar og institusjonar.

Havoverflatetemperaturar dikterer atmosfæriske CO2-nivå, ikkje utslepp frå fossilt drivstoff

Ved å bruke multivariat-analyse og offentleg tilgjengelege data frå leiande klima- og energiorganisasjonar, samanliknar studien til Dao Ato påverknaden HOT og menneskeskapte utslepp har på atmosfæriske CO2-konsentrasjonar. Analysen går frå 1959 til 2022 og brukte fleire lineære regresjonsteknikkar for å evaluere påverknaden til HOT og menneskeskapte CO2-utslepp på den årlege auken i atmosfærisk CO?.

Resultata avslører at HOT-data frå NASA og UK-HADLEY Centre-datasett, var den mest nøyaktige spådomsfaktoren for CO2-konsentrasjonar. Denne regresjonsmodellen som tek med HOT, forklarer rundt 66% av variasjonen i årlege CO2-aukar etter 1959, med ein oppsiktsvekkjande høg korrelasjon mellom spådde og faktiske CO2-nivå. Studien avdekte ein Pearson korrelasjons-koeffisient på 0,9995 mellom CO2-konsentrasjonane som vart spådd ved å bruke HOT-data frå UK-HADLEY Centre og dei faktiske målingane frå NOAA, med ein minimal prediksjonsfeil på 1,45 ppm i 2022. I kontrast til dette viste menneskeskapte CO2-utslepp ingen betydeleg korrelasjon med årlege endringar i atmosfærisk CO2.

Studien til Ato fann òg ut at menneskeskapte metanutslepp, trass at dei har auka dramatisk dei siste tiåra, ikkje har bidrege til aukande metankonsentrasjonar i atmosfæren i løpet av det 21.hundreåret.

HOT-data frå NASAs GISS og UK-HADLEY Centre demonstrerte på liknande vis sterke korrelasjonar med atmosfæriske CO2-nivå, og gjekk forbi dei mykje mindre, ubetydelege korrelasjonane mellom menneskeskapte utslepp og atmosfæriske CO2-nivå. Studien utfordrar òg nøyaktigheita til historiske CO2-registreringar, og merkar seg diskrepansar mellom iskjernedata og moderne målingar.

Multippel-lineære regresjonsmodellar avslørte at HOT var ein statistisk betydeleg forklaringsfaktor for årleg CO2-auke, medan menneskeskapte utslepp ikkje var det. Spesifikt utgjorde HOT mellom 57% og 66% av variansen i CO2-nivå, avhengig av kva datasett som vart brukt.

Funna i studien antydar at dei naturlege variasjonane i HOT, og ikkje menneskeaktivitetar, er den dominerande faktoren som påverkar fluktuasjonar i atmosfærisk CO2. Denne studien utfordrar det rådande narrativet om at menneskeskapte utslepp er primærdrivaren bak klimaendring, og burde stille spørsmål ved alle globalregjeringsnarrativ rundt klimaendringsagendaen.

Veksande korpus av forsking avslører at atmosfæriske CO2-nivå ikkje er avhengige av utslepp av fossilt drivstoff

Denne studien byggjer på tidlegare forsking i 2013 av Wang med fleire, som vurderte CO2-utslepp frå fossildrivstoff-forbrenning og endringar av bruk av land. Studien fann ut at desse menneskeskapte aktivitetane berre utgjer mellom +0,1 til 0,3 PgC/år av den årlege endringa i CO2-konsentrasjon, som rundt rekna berre er ein tiandedel av variansen av oksygen i CO2-vekstraten. Lenger tilbake fann forskarar i ein 2005-studie ut at endringar i atmosfærisk CO2 ikkje var assosiert med årlege fossildrivstoff-utslepp, og er ei usannsynleg forklaring på avvik i den årlege CO2-vekstraten.

I tillegg evaluerte ein studie frå 2009 av dr. Jari Ahlbeck korrelasjonen mellom fossildrivstoff-utslepp og auken i CO2-vekstratar, men fann ut at korrelasjonen var «tydeleg statistisk ubetydeleg». Fossildrivstoff-utslepp hadde slik ein uvesentleg effekt på atmosfærisk CO2 at han til slutt ekskluderte dei frå sin analyse av mekanismane bak CO2-variasjon. Med andre ord har menneskeskapte aktivitetar ein ubetydeleg effekt på planeten. Mesteparten av temperatur- og vêrendringane på Jorda er naturlege, og CO2-nivået i atmosfæren ligg utanfor vår kontroll, og burde ikkje skape hovudbry for noka som helst global regjering eller aktivist-organisasjon.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig. Sjå òg denne videoen der dr. Patrick Moore snakkar om at CO2 ikkje er ansvarleg for den sokalla globale oppvarminga.

Kommenter innlegget