Christopher Tomlinson på nettstaden The National Pulse rapporterer:
No når Europa held fram med å sjå ulovlege innvandrarar kome i tusental kvar månad, har viseleiaren i eit land i fortroppen av migrasjonskrisa kravd at ein halv million ulovlege innvandrarar blir gjevne amnesti og opphald.
Den spanske visestatsministeren Yolanda Diaz har kravd at 500 000 ulovlege innvandrarar får utdelt opphaldsløyve i landet hennar, og seier at ein treng å normalisere ulovlege innvandrararbeidarar, utifrå hennar argument om at dei for tida ikkje har eigentlege arbeidarrettar.
Diaz, som òg tener som arbeidsminister under den venstreorienterte statsministeren Pedro Sanchez, har kravd umiddelbar handling.
Kommentarane støttar i stor grad eit borgar-lovverksinitiativ som krev at regjeringa utdeler amnesti til ulovlege innvandrarar som budde i Spania før 1.november 2021. Initiativet samla inn 700 000 underskrifter og støtta til 900 NGO-ar [ikkje-statlege organisasjonar].
Amnesti for ulovlege arbeidarar har brei støtte i det spanske parlamentet, der berre populistpartiet VOX er i opposisjon til det, sidan partiet argumenterer at det vil berre tiltrekkje seg fleire menneske til Spania på ulovleg grunnlag.
Tidlegare i år argumenterte partiet at Spania ikkje må bli slik som Storbritannia, Frankrike eller Belgia, som blir skildra som mislykka døme på multikulturalisme.
Amnestiet skal òg kome medan Spania ser ein massiv auke av ulovlege ankomstar av innvandrarar i år, som er opp 143% i den spanske enklaven i Afrika, Ceuta, og 126% auke på dei spanske Kanariøyane som ligg utanfor kysten av Vest-Afrika.
Kanariøyane registrerte 22 304 ulovlege ankomstar frå januar til midten av august, sidan migrantar i aukande del favoriserer ruta til Spania u staden for Sentralmiddelhavsruta til Italia i år.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
