Zakharova samanliknar USA med ein galning med øks frå Hollywood-filmar

Russia Today (RT) rapporterer:

Mange land søkjer seg til BRICS-medlemsskap fordi dei er leie av den «skjulte» og «stundom opne aggresjonen» til USA, og leitar etter nye former for samarbeid, sa Maria Zakharova, talskvinne for det russiske utanriksministeriet, på sundag [8.september 2024].

Tidlegare førre veke sa Moskva at Tyrkia offisielt hadde søkt om å bli med i BRICS, og blir dermed den fyrste NATO-staten som søkjer medlemsskap i den ikkje-vestlege økonomiske alliansen. Meir enn 30 land har so langt søkt om å få bli med i gruppa, som for tida består av ti land, inkludert Brasil, Russland, India, Kina og Sør-Afrika.

I ein kommentar til nyheitsbyrået TASS om kvifor ymse nasjonar er viljuge til å bli med i BRICS, sa Zakharova at «verda er leie av amerikanske åtak» og «stemmer på ei anna form for forhold».

Nasjonar vil gjerne halde fram med å byggje band rundt prinsippa om internasjonal lov, «men sidan Washington, som ein eller annan galning frå deira eigne Hollywood-filmar, øydelegg alt med ein grasklyppar, ei sag, eller ei eller anna slags øks, blir verda tvinga til å lete etter nye former for interaksjon,» forklarte ho. Og desse formene er dei som er i same gate som BRICS, men ikkje NATO, ifølgje den russiske diplomaten.

Onsdag [4.septmeber] bekrefta Yury Ushakov, assistent til den russiske presidenten, tidlegare mediereportasjar om at Tyrkia offisielt har søkt om å få bli med i BRICS, og la til at medlemsstatane til gruppa vil vurdere ønsket. Ifølgje tenestemannen har den tyrkiske presidenten Recep Tayyip Erdogan òg akseptert Moskva sin invitasjon om å vere til stade på BRICS-toppmøtet neste månad i den russiske byen Kazan. Russland er for tida leiar av organisasjonen.

BRICS vart grunnlagt i 2006 av Brasil, Russland, India og Kina, og Sør-Afrika vart med i 2011. Gruppa utvida seg i år då Egypt, Etiopia, Iran, Saudi-Arabia og Dei foreinte arabiske emirata vart fullverdige medlemmer.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget