S.D. Wells i Natural News melder:
Du kan kalle det ufriviljug kannibalisme, eller du kan bruke terminologien Soylent Green, frå ein klassisk dystopisk film om menneske som blir fôra sin eigen art utan at dei veit om det.
Tilbake i 2019 vart vi alle åtvara. «Menneske-kompostering» vart tillate i delstaten Washington i Bill 5001 med tittelen «Vedrørande menneske-leivningar», som legaliserte den «naturlege organiske reduksjonen» av menneske-leivningar. Nei, vi snakkar ikkje om gelatin her, der den forskrudde amerikanske matindustrien reduserer grise-, ku-, kalkun-, kylling- og andre dyre-brusk, -musklar og andre kroppsdelar som menneske normalt ikkje et. Vi snakkar om å koke og brenne døde kroppar til pulver, gugge og kompost for å setje inn i matforsyninga, og ingen veit at dette skjer akkurat no.
Alkali-hydrolyse (òg kjent som aquamation) blir brukt til å redusere menneskekjøt til matgjødsel, vatne avlingar og til kalsiumfosfat «fyllstoff» til billeg kosttilskot
Rettsobdusentar og balsamerarar varslar om ein av dei største styggedommane som no skjer med amerikansk mat, vatn og billeg kosttilskot. Alkali-hydrolyse, òg kalla væske-kremering, er prosessen der ein løyser opp ein menneskekropp ved bruk av ultra-heitt vatn og ei sterk baseløysing. Hovudstraumsmedia hevdar at der ikkje finst noko menneske-DNA, kjøt eller patogen igjen etter den store nedsmeltinga, men kven trur no eigentleg på Big Food sine påstandar lenger? Hugs at det er dei som seier at rapsolje er «hjartevennleg» og fluor i vatn frå springen er «godt for å byggje sterke tenner». Sikkert.
Denne varslar-obdusenten seier at denne resirkuleringa av døde menneske inn i mat- og vassforsyninga skjer i dei fleste amerikanske delstatar. Menneskebein blir kverna til pulver og brukt som kalsiumfosfat for reseptar som «behandlar» kalsiummangel.
Dersom du framleis ikkje trur at dette skjer, berre spør Katrina Spade, grunnleggjar og adm.dir. i Recompose, eit selskap som bruker denne reduksjonsprosessen som eit «urbant, jordsmonnbasert, økologisk vennleg dødsomsorgsalternativ». Dette blir vidare dekt i filmen Biosludged. [Filmen har ei eiga nettside og heile filmen kan sjåast her; oms.an.]
Denne kraftige, hardtslåande dokumentaren inneheld EPA-varslar og vitskapsmann dr. Daivd Lewis, forfattar av Science for Sale – How the US Government Uses Powerful Corporations and Leading Universities to Support Government Policies, Silence Top Scientists, Jeopardize Our Health, and Protect Corporate Profits.
[«Vitskap til sals: Korleis den amerikanske staten bruker mektige konsern og leiande universitet til å støtte statleg politikk, teie i hel topp-vitskapsfolk, setje helsa dykkar i fare, og beskytte konsernprofitt». Boka kom ut i 2014; oms.an.]
Kven lid allereie av Creutzfeldt-Jakobs sjukdom, den menneskelege utgåva av kugalskap? Er dette grunnen til at demenstilfelle aukar noko grådig? Kombiner dette med millionar av piggprotein som legg seg i medulla oblongata og kva får du? Folk som trur på natt-TV-nyheitene og som stemmer for ei fullstendig kommunistisk overtaking – det er det du får.
Milliardær-psykopat-globalistane i World Economic Forum og Atlantic Council vil at alle skal ete insekt og laboratoriedyrka Frankenstein-kjøt dagen lang, og den einaste måten menneske kan vere dumme nok til å falle for dette, er om dei allereie tørnar galne av kannibalisme og mRNA-sprøyte-syndromet.
Det er difor det er livsviktig å ete organisk mat, filtrere vatnet ditt, bruke naturmedisin og lese uavhengige sanningsnyheiter. Elles kan du hamne i same kø som sauene i Kamala sine sosialist-brødkøer og kjøpe litt Soylent Green som no er til sals i kvart eit konsern-matvareutsal i USA. Sjå traileren til filmen Soylent Green med Charlton Heston i hovudrolla, der alt dette vart spådd, sjølv ned til år 2022.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
