Syrisk flyktning (15) hylla av svensk presse som «integreringssuksess» arrestert for DRAPSFORSØK etter skyteepisode på skule

Thomas Brooke på nettstaden ReMix News rapporterer:

Ein 15 år gammal gut frå Syria som kom til Sverige som flyktning har blitt arrestert på grunn av mistanke om drapsforsøk etter ein skyteepisode på ein skule førre veke.

Styresmaktene pågreip guten laurdag [7.september 2024] i relasjon til åtaket, som fann stad kor etter 8:30 om morgonen onsdag på Trångsund skule i Huddinge.

Eit skot vart fyrt av frå eit skuletoalett, som resulterte i alvorleg skade på eit 15 år gammalt offer som vart frakta til sjukehus for naudoperasjon. Rektoren på skulen erklærte seinare at operasjonen hadde vore vellykka, og offeret var ikkje venta å få nokon varige mein.

«Det skjedde i eit skjerma område og ingen andre var i umiddelbar nærleik,» sa polititalskvinne Helena Boström Thomas førre veke.

Skyteofferet måtte fraktast til sjukehus i ambulanse.

«Heile kroppen min skjelv, du trur ikkje at noko slikt kan skje her. Men det kan skje overalt i desse dagar,» sa ein elev på skulen til Aftonbladet.

Den svenske nyheitsformidlaren Samnytt rapporterte at den mistenkte vart fødd i Syria og kom til Sverige midt under migrantkrisa i november 2015 følgt av foreldra sine og tre søsken.

Det svenske migrasjonsbyrået bekreftar at foreldra seinare søkte om svensk statsborgarskap i 2020, som vart gjeve til faren november i fjor, men ikkje til den mistenkte si mor. Den mistenkte og søskena hans er ikkje svenske statsborgarar.

Samnytt rapporterte vidare at den 15 år gamle mistenkte tidlegare hadde blitt intervjua av Sveriges offentlege rikskringkastar, der familien hans vart hylla som eit døme på vellykka integrering i det vestlege samfunnet.

Den mistenkte fekk ordre om å vere i varetekt i forkant av ei høyring for lukka dører i Stockholm distriktsrett laurdag ettermiddag.

«Ekstraordinære grunnar krevst når ein so ung person blir pågripen, og distriktsretten har bestemt at slike grunnar finst i denne saka. Han er òg underlagt restriksjonar, altso avgrensa kommunikasjon med omverda,» sa naudpåtalar Urszula Grabowska.

«Eg har vurdert at der no er eksepsjonelle grunnar for å halde på den mistenkte trass hans unge alder,» la medpåtalar Kajsa Lindberg til i ei pressemelding.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget