Niamh Harris på nettstaden The People’s Voice melder:
Politibetjentar i heile USA har fått utlevert handbøker som skriv i detalj om korleis dei skal handtere rapportar om «uidentifiserte, avvikande fenomen» (UAF).
Uidentifiserte, avvikande fenomen [engelsk Unidentified Anomalous Phenomena; UAP] er det nye namnet på UFO-ar.
Retningslinjene, som legg ut om fleire slike møte i fortida, vart sendt ut tidlegare i sommar av Major Cities Chiefs Association (MCAA), som representerer politisjefar frå dei største byane i USA og Canada.
RT rapporterer: I denne 11-siders guiden skriv MCAA at UAF-ar som blir registrert i amerikansk luftrom representerer eit «domene-merksemdsgap», som utgjer ein «tydeleg og tilstadeverande fare for pilotar og våre soldatar som er meir akutt enn nokosinne». Den viser òg til rapportar frå fleire statlege byrå, slik som Kontoret til direktøren for nasjonal etterretning, og konkluderer at slike fenomen òg er ein «klar trugsel mot nasjonal tryggleik, sidan evnene og opphavet deira er ukjent».
Handboka kjem med detaljar om fleire UFO-etterforskingar, og viser til vitnesbyrda til fleire varslarar som har vore involvert i slike hendingar, slik som den tidlegare US Air Force-offiseren og etterretningstenestemannen David Grusch.
I ei Kongress-høyring om UAF-ar hevda Grusch at han hadde intervjua fleire Pentagon-tenestepersonar med direkte kjennskap til luftfartøy som hadde «ikkje-menneskeleg» opphav, og som rapporterte at sokalla «biologiske» vart henta ut av enkelte av fartøya.
Dokumentet gjengav i tillegg vitnesbyrda til US Navy-pilotane Ryang Graves og David Fravor, som skildra møte med UAF-ar på treningsoppdrag. Fravor var piloten som såg og spelte inn den berømte «Tic Tac»-UFO-en under ein flytur nær California i 2004.
Den vesle boka kjem òg med fleire historier frå offiserar som har møtt ukjende fartøy medan dei var i teneste.
Rapporten til ein av offiserane hevdar at han ein gong såg ein triangulær UFO på himmelen med tre, svake, grøne lys medan han køyrde i patruljekøyretøyet sitt. Han la vekt på at han var klar over korleis helikopter og fly såg ut i lufta, og at det han såg var «ulikt noko anna eg nokosinne hadde sett».
Innan ein time etter møte hevdar offiseren å ha teke imot ei telefonoppringing frå ein huseigar i området som rapporterte «noko som sprang utanfor huset hans» som «ikkje høyrdest ut som eit dyr».
MCAA-guideboka konkluderer med å kome med ei rekkje linkar til ymse UAF-rapporteringsnettsider, og oppmodar politibetjentar om å rapportere alle bisarre hendingar og observasjonar. På same tid står det at dokumentet ikkje representerer meiningane til MCAA, og er meint for å dele informasjon som er samla inn frå opne kjelder.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
