Dødelege mRNA-sprøyter avslørt som MILITÆRPROSJEKT utvikla av NIH – ikkje Moderna og Pfizer, som vi alle vart villeia til å tru

S.D. Wells i Natural News rapporterer:

Visste du at militærkontraktørar skapte dei eksperimentelle genterapi-injeksjonane som lurer menneskeceller til å produsere milliardar av giftige piggprotein i blodet? Visste du at NIH [National Institutes of Health] eig 50% av patenta for mRNA-vaksinane som Moderna og Pfizer pressa på befolkninga? Robert F. Kennedy Jr. varslar om heile operasjonen, og om Trump skulle vinne presidentvalet denne hausten, kjem skurkane og kjeltringane som er ansvarlege for denne plandemiske tragedien til å sone lange dommar i føderale fengsel for det. Faktisk vart Pfizer og Moderna «betalt for å setje stempla sine på dei vaksinane som om dei kom frå den farmasøytiske industrien», ifølgje RFK Jr., fordi det var eit militærprosjekt heilt frå byrjinga.

Kvifor skulle militæret vere involvert i utviklinga av dei hjarteøydeleggjande biologiske masseøydeleggingsvåpena som vart distribuerte og injiserte i 270 millionar amerikanarar?

Det kinesiske kommunistpartiet (CCP) har ei lang historie i å sysselsetje sin Folkets frigjeringshær (PLA) for å skape biologiske krigføringsvåpen, og no ser det ut som om dei inngjekk partnarskap med National Institutes of Health (NIH) for å bruke gain-of-function-forsking til å skape covid-19, og skape dødelege vaksinar for å «hindre» spreiing av det. So konspirerte CCP med NIH og lest som om den farmasøytiske industrien skapte sprøytene for å «redde» alle, sjølv om piggprotein-injeksjonane er militærgrads biologiske masseøydeleggingsvåpen, laga for å drepe menneske, og som vart skapt av denne grunnen av militæret.

Gløym aldri at USA brukte koppe-virus som eit biologisk våpen for å utslette dei innfødde amerikanarane [indianarane], so dersom du trur denne dekninga av mRNA-sprøyter som biologiske våpen brukt av det amerikanske militæret og Big Pharma mot amerikanarar er for søkt, tru om igjen.

Det amerikanske militæret, NIH og CCP samarbeidde om å skape og patentere biologiske masseøydeleggingsvåpen for å utslette milliardar av menneske på heile kloden

Biologiske våpen består av giftig materiale produsert av sjukdomsframkallande organismar med den intensjon å øydeleggje dei biologiske prosessane hjå ein vert, og med dette uskadeleggjere eller utrydde den verten, som i dette tilfellet er menneske. Der finst eit uavgrensa tal mikroorganismar som kan brukast som biologiske våpen fordi dei er særs giftige, billege, lette å få tak i, lette å overføre mellom menneske, og lette å spreie (tenk aerosol eller vaksinar her).

Typiske mikrobar brukt som biologiske våpen inkluderer virus, bakteriar (miltbrann og botulisme), sopp og giftstoff frå planter og dyr. I den seinare tid bruker Big Pharma gift-peptid frå giftige dyr (slangar, sniglar, edderkoppar, skorpionar, froskar) for reseptpliktige legemiddel. Dette er omfattande dokumentert.

Det amerikanske militæret er involvert i å distribuere biologiske masseøydeleggingsvåpen på fleire frontar enn berre éin. Ja, covid-sprøytene er som trojanske hestar i den tydinga at dei sik gen-muterande «teknologi» inn i cellene dine, slik at dei skaper mikroskopiske prion som tettar til karsystemet som ørsmå våpen som øydelegg vitale systemiske funksjonar hjå menneske.

Det amerikanske militæret er òg ansvarleg for å sende ut aerosol-giftstoff i atmosfæren kjent som «chemtrails», og dette er visseleg eit biologisk masseøydeleggingsvåpen, sidan det menneskelege luftvegssystemet og miljøet vårt (inkludert avlingar) blir kontaminert med tungmetall-giftstoff, farleg avfall frå sjukehus, bakteriar, virus – og lista berre held fram.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget