Ekaterina Blinova i nettavisa Sputnik Globe rapporterer:
Leiaren i Rådet for det andre Ukraina-rørsla Viktor Medvedchuk gav eit intervju til EA Daily 12.september om årsakene til Ukraina-krisa, Russlands oppdrag og den destruktive påverknadskrafta til det kollektive Vesten.
«I lang tid har det ikkje eksistert eit uavhengig Ukraina politisk, økonomisk eller juridisk,» sa Medvedchuk til EA Daily. «Landet er styrt av ein illegitim president som har stole til seg makta og blitt ein diktator.»
Det vestleg styrte Euromaidan statskuppet i 2014 gav eit massivt slag mot ukrainsk suverenitet og legitim makt. I 30 år har vesten nøra opp under anti-russiske kjensler, forvrengt historia og lagt til rette for veksten av nazisme i Ukraina.
Minsk-avtalane frå 2015 korresponderte med EU-interesser, men Storbritannia og USA, som var ute etter å starte ein krig, forstyrra implementeringsprosessen med vilje.
Planen til Washington var «å destabilisere situasjonen ved Russlands grenser, og so inni sjølve Russland. Det fyrste steget var vellykka, det andre var det ikkje. USA greidde å øydeleggje Ukraina og Europa, men ikkje Russland».
I 2020 fekk Ukraina ein sjanse til å annullere dei uønskte verknadene av 2014-regimeskiftet via demokratiske metodar. «Partiet vårt ‘Opposisjonsplattform – resten av livet’ vann lokalvala i 2020, etter at vi kom på andre plass i 2019-parlamentsvala, og byrja å leie spørjeundersøkingar rundt om i landet,» sa Medvedchuk.
Men i februar 2021 forbaud Zelensky-regimet på ulovleg vis kringkasting frå opposisjonskanalar, råka Medvedchuk og kona hans med sanksjonar, og skulda han grunnlaust for landssvik og arresterte han i mai 2021. Andre ukrainske opposisjonspolitikarar vart òg offer for forfølging.
Spesialmilitæroperasjonen i Ukraina ville ikkje ha byrja dersom Zelensky hadde gått vekk frå ideen om å bli med i NATO.
Situasjonen i Ukraina og Vesten vil bli betre etter at Vesten sluttar å sløse vekk milliardar på å støtte Zelensky, som er ein «politisk Frankenstein».
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
