Studie: Covid-nedstengingar fekk barnehjernar til å eldast raskare

Nettstaden The National Pulse melder:

Ungjenter opplevde raskare aldring av hjernen enn gutar under covid-19-nedstengingane, ifølgje ein nyleg studie. MRI-skanningar indikerer prematur hjernealdring hjå begge kjønna, men jentehjernane eldest rundt 4,2 år meir enn forventa, samanlikna med 1,4 år for gutar. Studien har reist bekymring når det gjeld potensielle implikasjonar på mentalhelsa til barn og ungdom, og læreevna deira.

«Vi vart sjokkerte av desse dataa, og at skilnaden er so dramatisk,» sa professor Patricia Kuhl, meddirektør ved Institute for Learning and Brain Sciences ved Universitetet i Washington.

Forskarteamet byrja med å samle inn mRNA-skanningar frå 160 barn i alderen 9 til 17 i 2018. desse dataa vart brukt til å modellere normal kortikal fortynning, ein naturleg mogningsprosess i hjernen i ungdommen. I 2021 og 2022 besøkte teamet den same gruppa igjen, no i alderen 12 til 16, for å samle inn fleire skanningar. Skanningane frå etter nedstenginga avslørte akselerert kortikal fortynning i éin hjerneregion for gutar, men kortikal fortynning vart observert i fleire hjerneområde hjå jenter. Desse områda er kritisk for sosial kognisjon, prosessering av emosjonar, ansiktsgjenkjenning og språkforståing.

[Det er vel ikkje so lett å kjenne igjen ansikt om alle går med munnbind… Oms.komm.]

Kuhl antyda at det av jenter er meir avhengig av sosiale interaksjonar kan forklare at hjernane deira ikkje eldest i same tempo som gutane sine hjernar. Ho peikte på den essensielle rolla sosiale scener har i den nevrale, fysiske og emosjonelle utviklinga hjå jenter.

Andre forskarar, inkludert Ian Gotlib frå Stanford universitet, forsterka viktigheita av mentalhelse-støtte for ungdom, og peikte på vedvarande stress frå pandemien. På liknande vis sette dr. Lina van Drunen frå Leiden universitet søkjelyset på behovet for å forstå faktorane bak prematur hjernealdring og langtidsverknadene av det.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget