Lance D Johnson i Natural News rapporterer:
Dei unge, dydssignaliserande legane som gjekk ut på sosiale media for å vise bilete av seg sjølv då dei fekk covid-vaksinen, er dei same typane av legar som slue tek i mot gåver, frynsegode og bestikkelsar frå legemiddelselskap, for so å ordinere dei legemiddela til dykk.
Ein ny studie publisert i British Medical Journal: Protecting early career physicians from commercial influense – [«Å beskytte legar tidleg i karrieren mot kommersiell påverknad»], finn ein urovekkjande trend blant unge legar, der dei blir lokka med gratis middagar og brukt som brikker til å promotere nye legemiddel. Denne påverknaden er gjennomsyrande, spesielt innan felta smertebehandling og kardiologi – to medisinske felt der underliggjande helsetilstandar ikkje blir skikkeleg diagnostisert eller behandla.
Studie åtvarar at legemiddelselskap dikterer helseomsorg gjennom bestikkelsar
Studien viser at legemiddelselskap og produsentar av medisinsk utstyr vel seg ut legar som er i byrjinga av karrieren. Legane blir lokka med digre eingongsutbetalingar, sponsa utdanning, lekre måltid og andre karrieremoglegheiter. I dette korrupte miljøet håper representantar frå legemiddelselskap å «kultivere langsiktige, gjensidige forhold».
«Til sjuande og sist trugar desse forholda berekrafta i helseomsorg, og eksponerer pasientar for unaudsynleg risiko eller skade,» seier forfattarane av studien, Alice Fabbri (Ph.D.) og Quinn Grundy (Ph.D.).
Ein studie publisert i JAMA Internal Medicine spora 5533 nye amerikanske hjartelegar. Eit fleirtal av dei (73%) tok imot «industri-marknadsføringsutbetalingar» før dei i det heile teke var ferdig utdanna. Totalt 88% av desse tok deretter imot sjekkar frå legemiddelselskap dei fyrste åra etter dei var ferdig utdanna. Berre rundt 12% av nye hjartelegar forblir uavhengige mot påverknad frå farmasiindustrien.
Legemiddelindustri-påverknaden utvida seg i medisinske felt som er «prosedyre-intensive» og bruker meir teknologi. Studien fann ut at 80% av legar innan desse felta tok imot pengar frå Big Pharma før dei var ferdig utdanna, og opp til 96% tok imot pengar frå legemiddelselskap dei fyrste åra etter at dei var ferdig utdanna.
Meir legemiddel-utbetalingar blir gjevne til hjartelegar enn til nokon andre spesialistar. I ein av studiane tok 184 av 195 direktørar for hjarte-kateterisering og elektrofysiologi-laboratorium rutinemessig imot betalingar frå legemiddelindustrien. Berre 11 av desse direktørane takka nei til Big Pharma-pengar det kalenderåret. Ifølgje ein 2018-analyse, fell industriutbetalingar til hjartelegar inn i 12 kjende kategoriar, inkludert:
- Mat og drikke
- Underhaldning
- Reise og overnatting
- Konsultasjonsgebyr
- Gåver
- Veldedig bidrag
- Kompensasjon for å jobbe som fakultet eller som talar for eit ikkje-akkreditert og ikkje-sertifisert utdanningsprogram
- Kompensasjon for andre tenester enn konsultasjon, inkludert ved eit fakultet eller som talar på ein annan fora enn eit utdanningsprogram
- Utdanning
- Legat
- Honorar
- Royalties
Legemiddelselskapspengar påverkar alvorleg diagnostikk- og ordineringspraksisen til nye legar
Desse utbetalingane frå Big Pharma påverkar til sjuande og sist avgjerdstakinga til legar, og manipulerer korleis dei tenkjer, korleis dei diagnostiserer, og kva dei ordinerer [skriv ut på resept]. «Sjølv industrisponsa måltid til eit symbolsk beløp blir assosiert med auka ordinasjon av det aktuelle legemiddelmerket,» rapporterte Fabbri og Grundy.
Ein 2016-studie frå JAMA Internal Medicine følgde ordinasjonspraksisen til 2444 legar og påverknaden som legemiddelselskapspropaganda hadde på ordinasjonspraksisen deira. Studien fann ut at dess meir utbetalingar frå industrien auka, dess meir viljuge var legane til å ukritisk ordinere bestemte merke av kolesterolseinkande legemiddel. Denne hastige ordinasjonspraksisen kan gå glipp av underliggjande faktorar og patologiar som forårsakar hjarte- og karproblema hjå den einskilde pasienten. Å ukritisk ordinere slike legemiddel til alle pasientar gjer at ein oppdagar viktige cellulære, hormonelle og betennelsesindikatorar, noko som fører til fleire helseproblem. I dag blir kolesterolseinkande legemiddel tilrådde til tenåringar i 15-årsalderen dersom dei viser nokon teikn på høgt kolesterol.
Den same trenden kan ein observere hjå legar som i aukande grad skriv ut opioidar for smertelindring. Studiar viser at aukande legemiddelindustri-utbetalingar oppmuntrar fleire legar til å skrive ut opioidar, samstundes som dei ignorerer dei underliggjande årsakene til smerte, og i tillegg forårsakar alvorlege utfall for pasientane. Dei same problema er å finne i kreftindustrien, vaksineindustrien, etc.
Medisinskular er medskuldige
Medisinskular, truleg tilsikta, mislykkast i å adressere dette systemiske problemet, og ignorerer korleis dette slu forholdet skader framtida til medisinpraksisar i heile USA. Ved å ta imot legemiddelselskapspengar, fornedrar nye legar sin eigen integritet, tek del i interessekonfliktar som fordummar potensialet deira, medan framtida til pasientbehandling blir truga, og tilliten til industrien blir svekt.
«Utdanningsmessige intervensjonar burde utfordre den utbreidde trua blant helseprofesjonar at dei er immune overfor kommersiell påverknad, lære dei korleis ein kritisk vurderer informasjon som ein får frå industrien… og vise dei til uavhengige informasjonskjelder,» kommenterte Fabbri og Grundy. I staden for å akseptere dette samarbeidet som normalt, må medisinstudentar bli opplært til å sjå når forhold innåt i industrien hindrar deira eiga evne til å objektivt vurdere helseproblem hjå pasientane.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
