Trump: Harris vil ha krig mot Russland

Russia Today (RT) rapporterer:

Republikanarane sin presidentkandidat Donald Trump har vurdert at ein valsiger for rivalen hans, visepresident Kamala Harris, til sjuande og sist vil føre til krig mot Russland, og åtvarar om eit komande «atom-Holocaust».

Under eit kampanjerally i Las Vegas, Nevada, sist fredag [13.september 2024], uttrykte Trump bekymring for ein potensiell atom-konflikt på grunn av dei «inkompetente folka» i Washington, og hevda at han er den einaste som er i stand til å hindre ein global krig.

«De kjem til å ende opp i Tredje verdskrig. De kjem til å få eit atom-Holocaust om de ikkje er forsiktige. Desse folka har ikkje peiling på kva dei driv med,» åtvara han støttespelarane om, og lovde å halde amerikanarar «ute av Tredje verdskrig».

«Eg vil gjere slutt på kaoset i Midtausten, og eg skal løyse krigen i Ukraina… Eg skal løyse dette som ein valt president,» heldt han fram, og argumenterte at «ei stemme for kamerat Kamala Harris er ei stemme for krig mot Russland».

Trump påstod at Harris har som mål å gjeninnføre militærverneplikt for «å kalle inn barnet ditt og sende det til ein krig som aldri burde ha skjedd».

Den tidlegare amerikanske presidenten insisterer at konflikten i Ukraina ikkje ville ha skjedd om han hadde vore president på den tida. Gjennom heile sin valkampanje har han gjentekne gonger hevda at han kan stoppe kampane «på 24 timar», sjølv om han ikkje har spesifisert korleis.

Tidlegare denne veka kasta Trumps kampanjekompis, Ohio-senator J.D. Vance, lys på eit mogleg fredsforslag, og antyda at det sannsynlegvis kjem til å involvere ei demilitarisert sone rundt den noverande kontaktlinja, og garantere Ukraina sin nøytralitet til Moskva, som er på linje med eit av hovudmåla til Russland.

Harris, derimot, slår fast at Trump kjem til å forlate Ukraina, og at hennar eigen innsats, saman med ammunisjonsforsyning, har sikra at landet forblir «uavhengig og fritt» den dag i dag.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget