Saksyndig vart nok ein gong kontakta av den verpesjuke barne- og ungdomsarbeidaren «Marielle». Den 26 år gamle kvinna er desperat etter å finne den rette. Sist vi høyrde gjete ho, var då ho reiste frå Knarvik til Telavåg på Sotra for å tilbringe ei veke med ein kar som viste seg å vere litt for glad i øl og Åsmund Åmli Band. Gongen før det igjen var ho fanga på Ulltang utanfor Sunnfjord-metropolen Førde fordi fyren ho budde hjå ikkje ville late ho låne bilen medan han var på jobb. Av rein interesse (og fordi eg ikkje hadde noko betre å gjere på denne regntunge laurdagsføremiddagen), møter eg ho nede i Bergen sentrum på ein av dei mange kafeane. Lokalet er fullt i folk, og bak disken står ei vakker blondine med store puppar på utstilling.
For anledninga er Marielle kledd i ein olivengrøn regnfrakk. Under denne glinsande frakken openberrar det seg ein kvit, høghalsa genser og ei grøn strikkejakke. Svarte, skinande tights framhevar dei frodige låra og den kvinnelege anatomien. Håret er farga nøttebrunt og knytt i ein hestehale. I øyra skin det vakre perleøyredobbar. To sølvsmykke glitrar mot det kvite, jomfruelege stoffet på genseren. Armband og ringar glitrar på armane og fingrane. Neglene er lange og lekkert lakkerte med ein grønaktig farge som liknar på dei vakre, tindrande auga hennar.
«Eg har akkurat kome meg på beina igjen etter ein runde med covid,» seier ho alvorleg til meg.
«Hmm, du meiner forkjøling?» spør eg.
«Nei, covid. Det verserer to nye variantar i Noreg no. K-1-2-3 og J1 eller noko sånt. Eg hadde positiv hurtigtest, so det var definitivt covid.»
«Kvifor testa du deg? Retningslinjene frå Helsedirektoratet seier at berre dei i risikogruppa skal teste seg ved mistanke om covid.»
«Eg… eg berre måtte. Eg jobbar jo med barn.» Ho lener seg tilbake i stolen med eit furtent uttrykk i det søte jenteansiktet. «Men nok om det. Eg var veldig sjuk, fordi eg vart smitta av ein fyr ute på Lindås.»
«Han smitta deg med covid?»
«Ja. Og eg var som sagt veldig, veldig sjuk. Nærast på dødens rand. Eg hadde flaks som overlevde.» Ho tek ein slurk av den store koppen med karamell-latte.
«Vel, fortel meg om denne mannen. Var det nok ein fyr du møtte etter kort tids nett-passiar?»
«Nok ein fyr?» Ho blæs. «No må du gje deg. Eg er då ikkje ei flyfille. Og vi chatta faktisk saman i over ei veke før vi bestemte oss for å møtast. So…» Ho flyttar lett på seg på stolen. Dei vakre auga vandrar tankefullt til sida. «Eg sette meg i min søte, vesle el-bil og køyrde nordover frå Knarvik til Lindås. Etter ein liten halvtime kom eg til Lindås nærsenter, der eg møtte ‘Nils Even’, som eg har valt å kalle han.»
På den tida hadde det nettopp vore ei intens hetebølgje i Noreg, med temperaturar heilt opp i 30 grader. Men no var der vanlege hausttemperaturar, og dette plutselege vêrskiftet hadde gjort mange forkjøla, og takka vere skremselspropaganda frå visse profitthungrige aktørar trudde alle at dei hadde «covid». Rundt Marielle gjekk folk og hosta, naus og snufsa, og såg rett og slett sjuke ut. I barnehagen der ho jobba var tre av kollegaene sjukemeldte, og barna måtte titt og ofte hentast av foreldra fordi dei var sjuke og hadde feber. Sjølv hadde Marielle heldigvis gått klar av denne sykja – til no.
Nils Even jobba med bilberging, men hadde fri denne helga. Han var ein høg, kraftig, staseleg kar med ein tjukk, blond hårmanke, isblå auge og ein sjarmerande striledialekt. Han var opphavleg frå Årås i nabokommunen Austrheim, men hadde kjøpt seg ei leilegheit i eit byggjefelt eit steinkast frå Lindås nærsenter.
«Vi fann tonen temmeleg kjapt,» fortel Marielle medan kjakane raudnar. «Spesielt då eg såg at han kjøpte ein pakke kondom medan han smilte ertent til meg. Eg var…» Ho vrir lett på seg. «… temmeleg klar for eit skikkeleg nummer.» Ho bøyer seg over bordet og kviskrar. «Vi var omtrent nakne før vi kom inn døra heime hjå han. Sexen var… av ei anna verd! Eg trur samleiet varte i over ein time! Eg må ha fått tjue orgasmar!»
«Hmm, ein uthaldande fyr, denne Nils Even,» svarer eg, medan eg ikkje heilt trur ho.
«Etter den fantastiske sexen laga han middag, og det var heimelaga gryterett med heimebakt brød! Eg slafsa i meg tre tallerkenar og glefste i meg fire brødskiver med kvitlaukssmør – eg trudde eg skulle sprekke!»
«Høyrest ut som du skaut gullfuglen.»
«Ja… Det var det eg òg trudde.» Auga blir fylde av ubehag. «So kom kvelden.»
Nils Even hadde gått rundt og snufsa den dagen. Der og då beit ikkje Marielle seg merke i det. Alle gjekk jo og snufsa på grunn av vêrskiftet. Tretti grader og sol den eine dagen, og elleve grader og pøsande regn den neste – var det løye folk vart sjuke?
Nils Even og Marielle hadde meir herleg sex – i 45 minutt. So vart det stille frå Nils Even, og djupt tilfredsstilte Marielle var ganske døsig òg.
Stilla varte ikkje lenge.
«Brått høyrde eg ein rar lyd frå under dyna,» seier Marielle. «Det høyrdest ut som… thoff.»
«Thoff?» spør Saksyndig.
«Ja. Thoff. Det var fyrst etter fleire sekund at det gjekk opp for meg at det var ein fis. Eg tenkte ikkje noko meir over det, for alle fis jo. So kom det ein lyd til.» Ho lagar ein søt grimase for å få til lyden. «Brrrjoooog. Det høyrdest ut som nokon sleppte litt luft ut av ein ballong. Eg byrja nesten å le der eg låg.»
Snart vart Marielle igjen overmanna av trøyttleik. Akkurat i det ho skulle til å sovne, kom det eit nytt analt utbrot frå Nils Even. Juuuum-vupp! Marielle skvatt til i senga. Denne fisen hadde med seg ei skarp lukt av noko øl- og osteaktig. Kanskje eit snev av gylle òg.
«Etter kvart vart lukta verre og verre,» fortel Marielle. «Hadde eg ikkje visst betre, ville eg ha trudd at han låg der og dreit seg ut. Det var omtrent som å liggje i ein gjødselkumme. Eg vart nesten gassa i hel, Saksyndig!» Auga er store og tindrande. Ansiktet er trekt i alvorlege foldar. Ho legg handa kjensleladd på brystet. «Eg føler oppriktig empati overfor jødane, som vart gassa i hel i milliontal under krigen. Då må vel Nils Even kunne kallast Rumpe-Hitler, vel?»
«Huff, det er med fising som med Hitler-vitsar – best i små porsjonar. Og kva skjedde vidare?»
«Rrroffen!» utbryt Marielle.
«Kva behagar?»
«Det var sånn den neste fisen høyrdest ut. Rrroffen! Akkurat som ein tyskar som står der og bjeffar. Og so kom, som perler på ei snor, gårnnnk, bloffs og nuuuuuunøpp! Det var reine fisekonserten. Eg trudde eg skulle daue!»
Då der kom tretti raske fisar etter kvarandre som ein slags analmitraljøse, måtte stakkars, tapre Marielle evakuere det stinkande soverommet. Ho la seg på sofaen i stova.
«Då eg vakna neste morgon, var han på kjøkkenet og laga frukost,» held ho fram. «Han spurde meg kvifor eg hadde sove på sofaen. Då fortalde eg om ‘konserten’ han hadde hatt om natta, og den fryktelege stanken dette hadde ført med seg. Han stilte seg uforståande til at han stinka, men hadde forståing for det. Han hadde nemleg ikkje luktesans for tida på grunn av ‘allergi’. Det var då eg såg at han jo var sylte forkjøla. Dette var sovisst ikkje ‘allergi’.»
Marielle hadde tilfeldigvis med seg to koronatestar frå apoteket. Dei testa seg – begge var positive. Medan Nils Even ikkje heilt såg problemet, vart Marielle opprørt. Ho erklærte at han ikkje var det sunne selskapet ho trudde han var. Det var jo litt upraktisk å liggje med øyreproppar og gassmaske om nettene. Flatulens var ikkje det største problemet; det at han ufarleggjorde den fryktelege, dødelege sjukdommen som stengde ned alle vestlege land, var i hennar bok ein deal-breaker. Ho reiste derifrå i fortviling og sinne.
«Eg måtte vere borte frå jobben i ei veke,» seier ho. «Eg hadde manifeste symptom på covid, i tillegg til alvorleg flatulens. Det var reine ompa-orkesteret i min søte jentemage. Eg hosta, naus, sveitta og feis. Feber på 38,7. Potte tett i nase og øyre. Det vart mykje TikTok og NRK nett-TV. Og ein god del Rett i koppen, det var det einaste eg greidde å svelgje fordi eg hadde so vondt i halsen. Litt av flatulensen heng litt i, og vil nok gjere det ei stund. Kroppen fis ut rest-viruspartiklane og desse skumle piggproteina. Det var nok slik han smitta meg – via si endelause, nattlege fising.»
Auga er blanke av tårer der ho sit tappert og fortel historia si.
«Eg er tilbake på jobb igjen no, heldigvis, men viruset er jo framleis i omløp,» seier ho. «Du er ikkje redd for å bli smitta, Saksyndig?»
«Hehe, ingen fare, eg er jo uvaksinert,» svarer eg. «Dessutan blir du berre sjuk av covid om du trur det eksisterer.»
Marielle ser på meg med hovudet lett på skakke og ein perpleks grimase i ansiktet.
«Det er då ei veldig farleg haldning å ha,» svarer ho til slutt. «Men det er greitt. Eg veit kva du skriv om på den bloggen din.» Ho kastar eit blikk på mobilen sin. «Vel, no må eg fare. Eg skal møte ei venninne, og so reiser vi på Kondomeriet.»
«Hmm, kva skal de der?»
«Kva trur du vi skal?» Eit ertent flir. Ho reiser seg og tek på seg regnfrakken. «Vi snakkast. Kanskje tek eg kontakt om eg har ei bra historie på lur igjen.»
«Hehe, ver du sikker. Du vil sikkert ikkje tru meg, men eg har stundom problem å finne stoff å publisere.»
«Åh, eg trur deg.»
Marielle bevegar seg elegant gjennom lokalet med nasen i sky. Hennar natt med den vindfulle covid-fornektaren vil nok skape mykje latter og glede hjå mine trufaste lesarar.
