Russia Today (RT) rapporterer:
Det amerikanske åtaket mot russiske media utgjer ei krigserklæring mot ytringsfridommen, sa talskvinne Maria Zakharova i Utanriksministeriet sundag [15.september 2024]. Ho skildra dei nye sanksjonane mot RT og andre medieformidlarar som «undertrykking som er hittil usett i skala».
Den amerikanske utanriksministeren Antony Blinken formidla nye sanksjonar mot RT fredag [13.september], og skulda dei for å ta del i «skjulte påverknadsaktivitetar» og «å fungere som ein de facto arm av russisk etterretning». Tidlegare i september innførde Washington sanksjonar mot RT-redaktør Margarita Simonyan og tre andre senior-RT-tilsette på grunn av påståtte forsøk på å påverke det amerikanske 2024-presidentvalet.
«USA har erklært krig mot ytringsfridommen i heile verda, og gått over til opne trugslar og utpressing mot andre statar i eit forsøk på å vende dei mot innanlandske media og etablere einekontroll over det globale informasjonsrommet,» sa Zakharova, og lovde at straffetiltaka Washington brukte for å råke russiske media ikkje skal stå der usvarte.
Ho la til at skuldingar om forsøk på å påverke vala er ei rein «heksejakt» og «spion-mani» innført for å manipulere folkeopinionen og hindre borgarane frå å skaffe seg informasjon som er ubekvemt for staten.
Leiar i Utanriksdepartementet sitt Global Engagement Center (GEC), James Rubin, sa til reporterar fredag at det «vide omfanget og rekkjevidda» til RT var ein av grunnane til at mange land rundt om i verda ikkje støtta Ukraina. GEC har finansiert propagandaspel retta mot barn, og tvinga Twitter til å sensurere pro-russisk innhald. Rubin innrømte i fjor at han ønskte å bruke GEC til å stengje ned russiske medieformidlarar rundt om i verda.
«Vi kjem til å snakke… i Latin-Amerika, Afrika og Asia… å prøve å vise alle desse landa at kringkasting – med ingen restriksjonar eller kontroll – RT og gje [RT] fri tilgang til landa deira,» sa Rubin, og argumenterte at deira [RT] tilstadevering har «hatt ein skadeleg effekt på synspunkta til resten av verda om ein krig som burde vere ein open og lukka sak».
Simonyan, som reaksjon på dei nye restriksjonane, argumenterte at Washington sine påstandar om at RT samarbeider med russisk etterretning er «eit klassisk tilfelle av projisering».
«Ideen om at du ikkje kan oppnå resultat utan å vere del av etterretningstenestene, har eksponert dei for det dei er,» sa ho.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
