Den amerikanske kongressen skal halde «diger» UFO-høyring

Sjå òg «Det amerikanske politiet har blitt utstyrt med nye UFO-handbøker», publisert 13.september 2024.

Russia Today (RT) rapporterer:

Senate Armed Services Committee [«senatets komité for væpna tenester»] førebur seg på å halde ei ny høyring for å auke truverdigheita til Pentagon-avdelinga som har i oppdrag å handtere uidentifiserte flygande objekt, har ein senior-lovgjevar sagt.

All-Domain Anomaly Resolution Office (AARO) [«alldomene-avviksløysings-kontoret»] vart grunnlagt i juli 2022 ved hjelp av senator Kirsten Gillibrand, ein New York-demokrat. Ho sa til Daily Mail på måndag [16.september 2024] at ho arbeider med å arrangere ei høyring innan nokre veker.

«Det er ein prioritet for meg fordi eg meiner det er særs viktig at vi held fram med å gjere ting offentleg tilgjengelege,» sa Gillibrand.

Komiteen for væpna tenester har som intensjon å vere vert for «ein framdriftsrapport om kor mange uidentifiserte luftfenomen [UAP] vi har vurdert og analysert, gje døme på kva vi har identifisert, og gje døme på kva vi ikkje har identifisert,» sa ho til formidlaren.

Ifølgje Gillibrand burde høyringa fornye folkets tillit til AARO, etter at ein serie militærvarslarar hevdar at regjeringa driv og skjuler moglege møte med utanomjordiske.

«Vi ønskjer òg å prøve å halde fram med å byggje truverdigheit til dette kontoret [AARO], slik at fleire i offentlegheita kan hjelpe oss med observasjonar, og ha ein stad og ei plattform til å sende inn informasjon og førespurnader,» la ho til, «fordi det til sjuande og sist er det dette kontoret er meint å gjere.»

Erklæringa om ei høyring kjem berre to veker etter at ein video av ein «diger UFO» med «tonnevis av blinkande og snurrande lys» vart lagt ut på Reddit. Observasjonen vart spelt inn i Choteau i delstaten Montana mindre enn 100 kilometer frå luftforsvarsbasen Malmstrom, ein større atommissil-fasilitet.

«Bileta er ikkje skremmande, men det å sjå det du genuint trur er eit massivt objekt på den stille nattehimmelen over ditt hovud og heim, veg tungt emosjonelt på deg som person,» sa det anonyme vitnet.

Då enkelte antyda at fenomenet kan ha vore ein konstellasjon av Elon Musk sine Starlink kommunikasjonssatellittar, sa vitnet seg ueinig.

«Eg kjenner til Starlink-videoar,» skreiv han. «Medan vi såg på objektet var det særs tydeleg at lysa var rundt silhuetten av eit stort fartøy. Du kunne ikkje ‘sjå mellom lysa’, det var eit solid mørke mellom dei. Vår gjetting er at vi såg ei skiveform frå sida.»

Møtet skjedde rundt klokka ti om kvelden lokaltid 31.august, sa mannen, og la til at kona «grein og skalv av opplevinga» etterpå.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget