Russisk etterretning hevdar at Ukraina planlegg «inhumant» falsk flaggåtak

Niamh Harris på nettstaden The People’s Voice melder:

Ukraina førebur ein falsk flagg-operasjon, der eit barnesjukehus eller barnehage kan bli treft av eit påstått russisk missilåtak, ifølgje Russlands utanriks-etterretningsteneste (SVR).

I ei melding måndag [16.september 2024] hevda SVR at den «inhumane provokasjonen» blir styrt av leiarane av ukrainsk etterretning og militæret etter råd frå «amerikanske hjelparar».

Målet deira er å forårsake eit stort tal skadde og publisere hendinga gjennom internasjonale media, la byrået til.

RT rapporterer: Kiev håper at planen deira vil hjelpe til med å rettferdiggjere langrekkjevidd-åtak ved bruk av vestlege våpen djupt inni Russland, trur SVR. USA kan dermed bruke hendinga til å auke press på Iran og Nord-Korea for å visstnok forsyne Russland med ballistiske missil, sa byrået.

8.juli skulda Kiev Moskva for å bevisst velje seg som mål barnesjukehuset Okhmatdet i sentrum av Kiev under ei storskala missilbombing. Innanriksminister Igor Klimenko rapporterte at to vaksne vart drepne i hendinga, og 32 menneske, inkludert barn, vart skadde.

Moskva nektar for dei ukrainske skuldingane, og gjentek at dei aldri vel seg som mål sivile fasilitetar. Det russiske militæret antyda at ukrainske luftforsvars-operatørar har skulda.

Kreml-talsmann Dmitry Peskov sa på den tida at Kiev brukte tragedien til å hype opp deltakinga av den ukrainske leiaren Vladimir Zelensky på NATO-toppmøtet i USA. Han peikte på eit mønster av høgprofilerte hendingar som liknar på Okhmatdeth-bombinga, som fann stad før Zelensky sine møte med utanlandske senior-tenestepersonar.

«Zelensky-klikken bryr seg ikkje om liva til ukrainske barn som dei set i fare,» sa SVR. Dei viste til ei rekkje «blodige provokasjonar» i løpet av konflikten, og la til at etter desse «trur få menneske i verda at Moskva er ‘slu’ og at Kiev er ‘uskuldige’».

Zelensky skal etter planen reise til USA for å møte president Joe Biden, og dei to presidentkandidat-nominerte for novembervalet – visepresident Kamala Harris og tidlegare president Donald Trump. Han har tenkt å dele med dei sin sokalla «sigersplan», eit firepunkts kart som han trur vil late Ukraina avslutte konflikten med Russland på eigne premiss. Stadig støtte frå det amerikanske militæret og løyve til å utføre åtak djupt inni Russland med vestlege våpen, skal etter det ein har forstått vere kritisk viktige i den planen.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget