Hillary Clinton vil ha straffeforfølging av amerikanarar som spreier «propaganda»

Cindy Harper på nettstaden Reclaim the Net rapporterer:

Den tidlegare amerikanske utanriksministeren Hillary Clinton har valt å ignorere First Amendment [tillegget i den amerikanske grunnlova som regulerer ytringsfridom; oms.an.] og har vist støtte til straffetiltak overfor amerikanarar som bidreg til å spreie det ho kallar «propaganda». I ein samtale med MSNBC tysdag [17.september 2024] føreslo Clinton at det å halde amerikanske personar ansvarlege gjennom sivile eller kriminelle tiltalar kan tene som ei åtvaring for å avverge spreiinga av «desinformasjon».

Medan Clinton erkjende kor viktig det er å sikte utanlandske aktørar, spesielt russarar, som er direkte ansvarlege for å blande seg inn i amerikanske val, argumenterte ho at amerikanarar som speler ei rolle i å forsterke «desinformasjon» ikkje burde ignorerast.

«Eg meiner det er viktig å sikte russarane… som var delaktige i direkte valforstyrring og forsterking av [tidlegare USA-president Donald] Trump tilbake i 2016, sa Clinton. «Men eg meiner òg at der finst amerikanarar som tek del i denne forma for propaganda, og om dei burde bli visilt eller til og med i enkelte tilfelle strafferettsleg forfølgt er noko som vil vere ei betre avverging.»

Clinton, som var motkandidat til Trump i 2016-presidentvalet, støtta den noverande innsatsen til Utanriks- og Justisdepartementet om å avsløre omfanget av russisk påverknad på amerikanske val. Clinton har lenge stått fast på at tapet hennar i 2016 skjedde på grunn av russisk innblanding. Ho skildra denne innsatsen som berre toppen av isfjellet når det gjeld eit mykje større problem, og la til: «Vi har ein lang veg å gå.»

Kommentarane hennar rørte òg ved det vidare problemet utanlandsk påverknad på amerikansk politikk, og Clinton åtvara at motstandarar slik som Russland, Kina og Iran prøver å påverke dei amerikanske veljarane.

Ho la vekt på oppmodinga om større merksemd rundt det å sikre den demokratiske prosessen, og slo fast: «Vi kjem ikkje til å late motstandarar, om det er Russland, Kina, Iran eller nokon andre, å grunnleggjande prøve å påverke amerikanarar når det gjeld korleis vi burde stemme når vi skal velje våre leiarar.»

Det at Clinton krev potensielle strafferettslege sanksjonar mot amerikanske borgarar som deler «desinformasjon», er eit kontroversielt steg mot avgrensing av ytringsfridommen. Ideen om å straffe personar for spreiing av informasjon, uavhengig av opphavet, reiser bekymring om grensene til statleg makt og potensialet for misbruk av slike lover til å undertrykkje avvikande synspunkt.

First Amendment i den amerikanske grunnlova forbyr Kongressen å lage lover som legg føringar på ytringsfridommen. Under dette vernet presenterer ideen om å straffeforfølgje personar for berre å dele informasjon – same kor sannferdig den er – ein potensiell konflikt med desse grunnleggjande rettane.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget