Trump-attentatmann Ryan Routh hadde band til den nynazistiske Azov-brigaden i Ukraina

Ethan Huff i Natural News melder:

Tilbake i mai 2022 publiserte Ukraina sin nynazistiske Azov-bataljon, òg kjent som Azov-brigaden, ein propaganda-video som fremja ideen om at heile den «siviliserte verda» måtte bli med Volodymyr Zelensky og kjempe for å slå Vladimir Putin og Russland. Og med i videoen var ingen ringare enn Ryan Routh, den 58 år gamle mannen som nyleg utførde attentat mot Donald Trump.

Routh slutta seg til saka om å kjempe for Ukraina tidleg i 2022, og gjekk til og med so langt at han reiste dit for å kjempe for Zelensky. Då det ukrainske militæret vurderte han som for gammal til å kjempe, tok Routh på seg oppgåva å sidestille seg med den nynazistiske Azov-brigaden i å fremje sine forsøk på å stoppe Russland frå å fullføre sin spesialmilitær-operasjon mot Kiev.

Sjekk ut propaganda-videoen der Routh er med, og sjå sjølv kva som skjedde i hovudet på denne fyren før han til slutt valde å, visstnok, utstyre seg med eit skytevåpen og prøve å kverke Trump medan den tidlegare presidenten spelte golf like over helga. […]

Routh søkjer om å verve seg i det ukrainske militæret

I eit mislykka, desperat forsøk på skadekontroll i offentlege relasjonar, enda Zelensky-regimet opp med å faktisk innrømme at, ja, Routh har djupe band til Ukraina og globalist-imperiet som støttar dei.

«Vi trur at spreiinga av narrativet om det moglege bandet mellom Azov og Ryan Wesley Routh speler med russisk propaganda, og diskreditterer den 12. spesialstyrke-brigaden Azov i Nasjonalgarden i Ukraina, og Tryggleiks- og forsvarsstyrkane til Ukraina generelt,» sa Zelensky-regimet i ei melding, og skulda igjen Russland for denne nylegaste augneblinken av dårleg PR.

Routh er tydelegvis med i nemnde propaganda-video som fremjar innsatsen til Azov, so vi lurer på korleis Zelensky-regimet rett og slett berre kan nekte for dette beviset. Svaret er fordi dei kan, og det amerikanske folket kjem ikkje til å gjere noko likevel.

For å gjere ting endå verre for Zelensky-regimet og fornektinga deira, er beviset publisert i The GrayZone som viser at Routh faktisk søkte om å verve seg i det ukrainske militæret – men dette er jo berre «russisk propaganda», ifølgje Zelensky.

Ein kopi av det signerte skjemaet der Routh søkte om å bli med i dei nynazistiske rekkjene i Ukraina vart delt av Routh sjølv på Facebook, før Mark Zuckerberg sine «faktasjekkarar» fjerna innlegget på grunn av brot på «samfunnsstandardane».

«Den mistenkte er ein Ukraina-fanatikar som har blitt radikalisert av hovudstraumsmedia til å reise til Kiev og prøve å bli med i den ‘Internasjonale legionen’,» sa den geopolitiske analytikaren Andrew Korybko.

«Det er ikkje ein sjanse i havet for at den tidlegare nemnde amerikanske ‘djupstaten’ ikkje visste kven Routh var, etter at han allereie hadde reist til Kiev og prøvd å bli med i den ‘Internasjonale legionen’, for so å openlyst fortelje New York Times om sine planar om å rekruttere afghanske soldatar som flykta til Pakistan som flyktningar,» skreiv Korybko vidare.

«Han skrytte òg heilt openlyst om korleis han hadde kjøpt pass til dei for å gjere reisa deira til Ukraina lettare. FBI kjem kanskje snart til å innrømme at han var ‘på radaren deira’, men det ligg mykje meir bak.»

Routh var so velkjent i pro-Ukraina-samfunnet at Newsweek intervjua han på eit tidspunkt – sjå følgjande video.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget