Ethan Huff i Natural News rapporterer:
På Netflix 18.september 2024 har det blitt lagt ut ein ny dokumentarserie av milliardær-eugenikar Bill Gates som pushar ideen om at «vi må gje opp hydrokarbon nesten heilt», blant andre anti-menneskelege idear.
Fordi klimaet for tida ikkje er i samsvar med smaken til Gates og hans disiplar, trengst større endringar for å stoppe menneskeflokken frå å leve – alt «for planeten».
Sjølv om han fis rundt i verda i sitt eige klimaforureinande fly, slik som Netflix-leiarane gjer, føler Gates det som om menneskeheita må kneblast og sperrast inne, i det folks karbon-fotavtrykk blir spora, overvaka og kontrollert til ei kvar tid.
Dersom slike idear høyrest farlege og forskrudde ut i dine øyre, er det ifølgje Gates ikkje fordi dei faktisk er det. Problemet er «feilinformasjon» som Gates håper å kvele ved å sleppe laus kunstig intelligens (KI)-robotar for å overvake internett for feilsnakk [engelsk wrongspeak].
Dokumentarserien på fem episodar adresserer ei rekkje anti-menneskelege tema som Gates tykkjer er spennande. Der er tema om smittsame sjukdommar; møte med Lady Gaga og Bono; og mykje klima-alarmisme for å skremme sjåarane og gjere dei klare til å ofre all fridommen sin.
(Relatert: Dersom Bill Gates får viljen sin, vil der kome nok ein «pandemi» som lèt han levere si siste ladning med «vaksinar» via «eit lite merke» på huda.)
Gates seier at hans familie sitt karbon-fotavtrykk ikkje er noko å lage oppstyr ut av
Menneskeflokken har blitt stadig meir irriterte over frekkheita til Gates og andre som han, som prøver å avfolke planeten med sine massesjølvmordsplanar for total kontroll. Gates har dette dekt òg.
«Eg kjøper gullstandarden ved å finansiere Climeworks til å gjere direkte-luftfanging som langt overgår familien min sitt karbon-fotavtrykk, og eg bruker milliardar av dollar på klima-innovasjon,» responderte Gates hovmodig då han vart pressa av BBC News i fjor om sin ekstravagante og høgt forureinande livsstil.
Ein annan av dei ville ideane til Gates er å skape ei tredagars arbeidsveke som skal bli driven av KI. Han føler at den beste kandidaten for å få dette gjort er Kamala Harris, heller enn Donald Trump, som er grunnen til at han støttar ho som presidentkandidat.
«Eg meiner det er strålande å ha nokon som er yngre, som kan tenkje på ting som KI og korleis vi formar det på den rette måten, og eg kjem gjerne med mine meiningar til dei politikarane som er interesserte,» sa Gates. «So det kjem til å bli eit spennande val.»
Gates har i lang tid hatt vrangførestillingar om verdsdominans. Sidan hans dagar i Microsoft har Gates slusa pengar inn i prosjekt som har som mål å fjerne menneske og erstatte dei med kva enn som er til fordel for han sjølv og hans veksande imperium.
«Det er problemet med dei ekstremt rike, at dei byrjar å tru at dei kan herske over resten av verda,» skreiv ein lesar om korleis alle milliardærar i grunnen er like – dei er alle uanstendig rike, kjedar seg stort sett, har ingen eigentleg nytteverdi, og lid av Napolean-kompleks.
«Eg tek Gates sine klimaedikt på alvor når han parkerer privatflyet sitt, flyttar inn i ei grashytte og byrjar å reise over Atlanteren i ein robåt,» skreiv ein annan.
Andre peikte på at Gates framleis driv og gulpar opp den for lengst avfeia myten om at karbon i sine mange former på eit eller anna vis kan målast i relasjon til det alltid skiftande klimaet.
«Dei leiande klimatologane frå toppskulane, inkludert europeiske universitet, Nobelpris-vinnarar, og NASA sine topp-klima-datafolk – alle som éin har dei motprova CO2-myten,» sa ein annan.
«Desse er dei vitskapsfolka som stod fram og sa rett ut at dei hadde overdrive om klimaendring, eller i det minste halde løgna hemmeleg – fordi at dersom dei ikkje gjorde det, ville jobbane eller legata deira ha blitt fjerna. Den varslarskaren blir større og større for kvart år som går, etter kvart som dei pensjonerer seg.»
Bill Gates er ein psykopat.
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
