S.D. Wells i NewsTarget, systersida til Natural News, rapporterer:
Presidenten i Russland vedtok ei lov i landet sitt om at alle russarar som blir tekne i å dyrke eller selje biokonstruert mat i Russland – med andre ord, alle genetisk modifiserte organismar (GMO-ar) – skal bli rekna som ein terrorist. På toppen av dette subsidierer og finansierer Putin land for bønder som ønskjer å dyrke avlingar organisk.
Ein skal vel ikkje heltedyrke leiaren av eit kommunistisk land, men det er verdt å få med seg korleis han ser på vestleg kultur og ser på dette som ein måte å sjå skogen for trea, som ordtaket seier. Putin seier at mesteparten av den amerikanske befolkninga er overvaksinert og overmedisinert, overfôra, og bruker stort sett tida si på å sitje på ræva framfor idiotboksen (TV-en), der dei trur på falske nyheiter som blir sendt kvar kveld om stadfortredar-krigar og sine eigne løgnar-politikarar, medan dei gaflar i seg mat utan næringsverdi.
Helsefarane knytt til inntak av GMO-ar er høgt undervurderte i USA, so Putin har rett
I juni 2016 skreiv Vladimir Putin under på ei lov som forbaud all produksjon og sal av GMO-ar i heile territoriet til Den russiske føderasjonen, ekskludert gjennomgangar og vitskapleg forsking. Dette vart godkjent av Det føderale rådet og parlamentet der den same månaden. Den lova forbyr òg all import av GMO-ar som ein har tenkt å sleppe ut i miljøet. Kvifor gjorde han dette?
Genetisk modifiserte matvarer er lab-konstruerte for å innehalde giftige ingrediensar som drep insekt, ugras og dyr som et og øydelegg avlingar. Desse giftstoffa blir vovne inn i den genetiske samansetninga til plantene og frøa til dei mest populære avlingane, slik som soya og mais. GMO-ar blir ikkje testa for langtids-helsekonsekvensar hjå menneske, og ein trur at dei øydelegg gode tarmbakteriar, noko som fører til sjukdommar og tilstandar slik som kreft og demens. I tillegg blir GMO-avlingar ofte spraya med endå meir pesticid, inkludert glyfosat, som kan øydeleggje vitale reinsingsorgan slik som nyrene, levera og bukspyttkjertelen, pluss at dei skyv kreftratane til himmels.
Dei fleste amerikanarar kjøper matvarer hovudsakleg utifrå pris og bekvemmelegheit, og utset seg sjølv for pesticid-fulle GMO-ingrediensar under kvart måltid, matbit og til og med drikkevarer. Nesten kvart einaste populære matvaremerke er stappfullt av GMO-ar. Dette kan skade kognisjon og kritisk tenking òg, noko som truleg er nok ein grunn til at Putin ikkje ønskjer at folket hans skal ete dei. Det er openbert at han både forstår og verdset den høge næringsverdien til organisk mat.
I det lange løp bruker amerikanarar meir og meir pengar på konvensjonell mat enn berre dei konvensjonelle, GMO-fulle, høgprosesserte og «prisnedsette» matvarene. Har du ein kupong? Det er truleg for vitskapssøppelmat. Spar 20 dollar på den GMO-handleturen, for so å bruke tusenvis av dollar årleg på eigenandelar og betalingar for legemiddel, legetimar, sjukehusbesøk pluss reseptfrie legemiddel mot forkjøling, influensa, hovudverk, fordøyingsproblem og so bortetter.
Det falsknyheitsindustrielle komplekset i USA ønskjer at alle hatar Putin og alt som er russisk, og gje dei skulda for alle problema sine, inkludert krigar som amerikanarane set i gang og finansierer, val som Demokratane juksar på, og «feilinformasjon» som eigentleg er ein måte for kommunist-Demokratane i D.C. å sensurere konservative, Republikanarar og Uavhengige, slik at dei ikkje kan spreie sanninga om det heile.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
