Ethan Huff i Natural News rapporterer:
Ein «forsvarar av grunnlova» ved namn Jeremy Kauffman (@jeremykauffman på X) fekk besøk her om dagen av ho menn som hevda dei var frå FBI – men som nekta å vise tenestebevis – som tydelegvis var der for å mobbe han på grunn av eit innlegg på sosiale media.
Dei to mennene spurde Kauffman om dei kunne snakke med han om innlegget, noko han nekta sidan han ikkje er lovleg plikta på noko som helst måte til å gjere det. Alle dei involverte var einige i at ingenting Kauffman gjorde var ulovleg, men dei to mennene insisterte likevel på å snakke med Kauffman om innlegget.
Ingen av dei to mennene ønskte å dele sitt fulle namn med Kauffman, ei heller ville dei vise tenestebevisa sine. Dei forventa at Kauffman skulle samarbeide berre fordi dei køyrde dit i ein svart, FBI-liknande SUV og såg ut til å vere kledd slik ein skulle forvente av ein føderal agent.
Då den eine mannen – som kalla seg sjølv «O’Donnell» og la til at han er den einaste O’Donnell i [delstaten] New Hampshire som jobbar for FBI – prøvde å få Kauffman til å samarbeide, nekta han fordi dei to mennene nekta å vise offisielle tenestebevis.
Sidan Kauffman synleg filma heile samtalen, bad O’Donnell han om å skru av kameraet før han sa seg einig i å svare på nokon spørsmål. Kauffman nekta, og det gjekk fram og tilbake frå derav heilt til mennene omsider fór sin veg – sjå klippet her. […]
Nei, du treng ikkje snakke med politiet med mindre dei har ransakingsordre
Kauffman, som kjende sin First Amendment [ytringsfridom] og andre grunnlovsfesta rettar, nekta å spele på lag med dei to agentane, som pressa han igjen og igjen om å samarbeide gjennom intimidering.
«Vil du vennlegast slutte å filme?» responderte O’Donnell til Kauffman fleire gonger, i forakt for Kauffman sin førespurnad om å lyde krava hans [om å til dømes vise tenestebevis].
«Du kan vise meg namnet ditt og tenestebeviset ditt, elles går eg inn igjen i huset mitt,» sa Kauffman då til mannen.
«Eg ønskjer eigentleg ikkje å kringkaste mitt, øh…» braut den andre påståtte agenten inn. «Vi ønskjer berre å snakke med deg.»
Utvekslinga gjekk fram og tilbake i nokre minutt før dei to mennene til slutt gav opp og forlét staden.
«Eg kjem ikkje til å snakke med folk som påstår at dei er føderale agentar, med mindre dei kan vise meg tenestebevis,» sa Kauffman.
Sidan 2014 har innbyggjarar i New Hampshire hatt rett til å alltid filme når dei er i ein ukomfortabel situasjon, eller i situasjonar generelt der dei føler at kva enn som skjer må dokumenterast med film- eller lydopptak.
«Øv dykk på å fastslå rettane dykkar i småsituasjonar, og det vil bli stadig enklare,» sa Kauffman til sine følgjarar på X om korleis han har sjølvtryggleiken til å handtere politi på den måten han gjorde med dei to mennene.
«Til dømes, gjer det ved promillekontroll-sjekkpunkt eller på grensekontrollar når de reiser inn igjen i USA.»
«Dette er slik ein tarveleg taktikk fordi dei veit at folk som ikkje forstår lova kjem til å bli skremde sjølv om der ikkje er mistanke om noko straffbart,» skreiv nokon andre på X om det underlege møtet.
«Ron Paul åtvara mot slike taparar i 1988,» sa ein annan, og la ut denne videoen. «FBI er so hinsides all reform at det ikkje eingong er morosamt.»
Omsett av redaksjonen i Saksyndig, som samstundes presiserer at artikkelen tek føre seg rettane folk har i USA, og ikkje nødvendigvis i andre jurisdiksjonar.
