Skurken Hillary Clinton kallar Trump FARLEG kort tid etter eit andre attentatforsøk mot han

Sjå òg «Hillary Clinton vil ha straffeforfølging av amerikanarar som spreier ‘propaganda’», publisert 19.september 2024.

Ramon Tomey i Natural News melder:

Den tidlegare fyrstedama Hillary Clinton har fordømt tidlegare president Donald Trump som «farleg», berre ein dag etter eit andre attentatforsøk mot livet til eigedomsmogulen.

Clinton kom med denne kommentaren då ho 16.september var med på The Rachel Maddow Show på MSNBC. «Eg forstår ikkje kvifor det er so vanskeleg for pressa å ha eit konsekvent narrativ om kor farleg Trump er,» sa Clinton til programleiar Rachel Maddow. Ho gav deretter media ordre om å «halde seg til» det narrativet, og la vekt på at journalistar burde ha «objektivitet», ifølgje Modernity.news.

«Objektet i dette tilfellet er Donald Trump, hans demagog-verksemd, hans fare mot landet vårt og verda. Du veit, dei var nådelause om det dei såg på som president [Joe] Biden sine problem i debatten og kravde at han skulle trekkje seg. Eg trur Donald Trump har diskvalifisert seg sjølv igjen og igjen og igjen når det gjeld å vere presidentkandidat, for ikkje å snakke om president,» heldt Clinton fram. (Relatert: Den mislykka presidentkandidaten Hillary Clinton ønskjer å «DREPE» og «FENGSLE» sine politiske motstandarar.)

«Vi kan ikkje gå tilbake og gje denne særs farlege mannen ein annan sjanse til å skade landet vårt og verda. Eg er særs håpefull, og til og med optimistisk på at amerikanarar ikkje ønskjer å sjå eit framhald av denne hat- og splittepolitikken, og at dei vil avvise Trump. Eg trur fleire og fleire amerikanarar avviser den forma for kaos som han representerer.»

I den same episoden kravde Clinton at amerikanarar skal haldast strafferettsleg ansvarlege for å leggje ut det ho kallar «feilinformasjon» på nettet som «boostar Trump». Ho sa til Maddow: «Der må vere avskrekking».

Kommentarane til den tidlegare fyrstedama på programmet til Maddow kom ein dag etter eit andre attentatforsøk på livet til Trump. Medan eigedomsmogulen spelte golf på bana si på West Palm Beach i Florida 15.september, observerte Secret Service-agentar ein mann med eit skytevåpen som gøymde seg i nokre busker. Agentar fyrte so av skot i retning av skyttaren, men han greidde å sleppe unna.

Politiet fann to sekkar, ein GoPro [eit kamera] og rifla som skulle brukast i attentatforsøket. Mannen som nesten utførde attentat vart seinare pågripen og identifisert som Ryan Wesley Routh (58). Den tidlegare presidenten vart ikkje skadd.

Hillary er farlegare enn Trump

Modernit.news skreiv: «Kor frekt er det vel at det kjem frå personen som hadde ein kampanje som listig involverte ei forfalska mappe av provoserande og sjokkerande skuldingar mot Trump i eit forsøk på å marknadsføre eit falskt narrativ om russisk samarbeid?» […]

«Demokratar har ikkje gjeve seg med den flammande retorikken når det gjeld Trump. Om noko, so har dei auka den.»

Ein kan ikkje hjelpe for å setje retorikken til Clinton i kontrast med den til Trump. Trass at ho påstår at Trump er «farleg», ser det ut som den tidlegare presidenten er meir verdig og ein forkjempar for ein forsoningsagenda. Han påstår til og med at det å fengsle sin rival i 2016-valet «vil sjå dårleg ut» for landet.

«Eg kunne ha gjort særs mykje med Hillary Clinton. Ho er so heldig at eg ikkje gjorde noko. Hillary er ei heldig kvinne fordi eg hadde mange rundt meg som pressa meg om å [setje ho i fengsel]. Dei ønskte å sjå noko,» forklarte han då han 3.september var med i ein episode av The Lex Fridman Podcast.

«Eg ville ikkje setje ho i fengsel; eg syntest det såg forferdeleg ut å ta kona til [den tidlegare] presidenten og setje ho i fengsel. Du veit, dei seier, ‘sperr ho inne, sperr ho inne’. Eg sa ‘Vi ønskjer ikkje å setje ho i fengsel. Vi ønskjer å samle landet.’ Du samlar ikkje landet ved å setje ho i fengsel.»

Omsett av redaksjonen i Saksyndig. Sjå òg dette videoklippet frå Fox News der Hillary Clinton kallar Trump «farleg» på MSNBC.

Kommenter innlegget