Steve Watson på nettstaden Modernity.news rapporterer:
Under nok eit digert rally, denne gongen i New York på Nassau Coliseum, adresserte Donald Trump den konstante bakgrunnsstøyen frå Demokratane, som slår fast at han er ein «trugsel» mot eksistensen til landet.
Trump, som adresserte Kamala Harris so vel som reporterar på staden, sa: «Falske nyheiter-media, sjå kor mange som er der. Vi må få våre media tilbake i dette landet. Vi må få dei tilbake.»
Han la til: «bodskapen er at det er på tide å stoppe løgnene, stoppe bløffane, stoppe svertinga, stoppe rettsvesen-krigføringa [engelsk lawfare, av law «lov» og warfare «krigføring»], eller dei falske søksmåla mot meg, og stoppe å hevde at motstandarane dykkar vil gjere USA om til eit diktatur.»
«Kutt ut,» heldt Trump fram der han adresserte Demokratane, og la til: «Fordi faktum er at eg er ikkje ein trugsel mot demokratiet, dei er!»
«Dei gjer ting i politikken som aldri har blitt gjort før i historia til landet vårt. Og verst av alt, med sine opne grenser og dårlege val, har dei gjort oss om til eit land i den tredje verda, noko som ingen trudde i det heile var mogleg,» sa han vidare.
«Amerikanarar fortener ein kampanje basert på problema. Vi prøver å halde oss til problema. Og Gud har no spart livet mitt, det må ha vore Gud. Gud, tusen takk,» erklærte Trump deretter.
På eit anna tidspunkt under rallyet sa Trump til folkemengda at han kjem til å vinne i New York, og kom med skarp kritikk mot Demokrat-leiarane for utbreidd kriminalitet og arbeidsløyse.
«Eg sa til folket i New York, der kriminaliteten ligg på rekordnivå, der terroristar og kriminelle strøymer inn, og der inflasjonen et deira hjarte og sjel, stem på Donald Trump,» sa han, og la til: «Kva faen har de å tape?»
Trump åtvara at ein Harris-siger i november vil gjere New York «om til ein tredjeverdsnasjon, om det ikkje har skjedd allereie».
Han erklærte òg at han har tenkt å besøke Springfield, Ohio, småbyen der det av mange har blitt rapportert at kjæledyr blir stolne og etne av ulovlege innvandrarar som har blitt sendt dit av Biden/Harris-administrasjonen.
Heile den over ein time lange talen kan sjåast her.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
