Russia Today (RT) rapporterer:
Videodelingsplattforma TikTok har sletta kontoane til RT International og fleire greiner av Sputnik-medienettverket. Nedslaget kjem nokre dagar etter at USA erklærte nye sanksjonar mot fleire russiske formidlarar, inkludert RT.
(Sjå òg «Nye sanksjonar mot RT: USA har erklært krig mot ytringsfridommen», publisert 17.september 2024.)
Laurdag morgon [21.september 2024] vart kontoane til RT International, Sputnik Serbia, Sputnik Afrique, Sputnik Afrika, Sputnik International, Sputnik Brasil, Sputnik Mundo og Sputnik Indonesia utilgjengelege. TikTok har enno ikkje kommentert utviklinga.
Sputnik Serbia har delt eit bilete som viser ein førespurnad der det blir forklart at innhaldet ikkje kunne bli funne, og la til at denne sida òg har blitt blokkert på Facebook, men er framleis operasjonell på X.
USA erklærte fulle sanksjonar mot fleire russiske mediebyrå, inkludert RT og morselskapa Rossiya Segodnya og TV-Novosti førre veke [per 22.september]. Washington hevda at dei russiske kanalane hadde som mål å i det skjulte «underminere demokratiet» i landet.
Den amerikanske utanriksministeren Antony Blinken påstod òg at RT «fungerer som ein de facto arm av [russisk] etterretning».
I kjølvatnet av dei nye restriksjonane gjekk den amerikanske tech-kjempa Meta, som eig Facebook og Instagram, hen og forbaud fleire russiske nyheitsnettverk, inkludert RT, og viste til deira påståtte «utanlandske forstyrringsaktivitet».
TikTok, som er eigd av det kinesiske selskapet ByteDance, har kome under intenst press frå amerikanske styresmakter dei siste månadene. I april skreiv den amerikanske presidenten Joe Biden under på ei lov som tillèt at det sosiale nettverket [TikTok] blir forbode dersom det ikkje blir selt til ein amerikansk eigar innan eit år.
Maria Zakharova, talskvinne for det russiske utanriksministeriet, har fordømt dei nye sanksjonane som ei eklatant «aggresjons»-handling, og la til at restriksjonane baserte seg på «monstrøse og grunnlagslause» skuldingar. Kreml-talsmann Dmitry Peskov kom òg med nokre ord i saka, der han sa at Meta har fullstendig «diskredittert seg sjølv» ved å ta del i det han kallar «selektive handlingar mot russiske media».
Omsett av redaksjonen i Saksyndig. Sjå òg denne RT-videoen om saka.
