Russia Today (RT) rapporterer:
Russland har ingen ønske om å starte ein atomkrig og ser på det som «upassande» at deira åtvaringar om ei eskalering av Ukraina-konflikten blir portrettert som ein intensjon om å bruke atomvåpen, seier utanriksminister Sergej Lavrov.
Frykt for ei eskalering mellom Russland og NATO har intensivert dei siste vekene, i det vestlege statar har diskutert i aukande grad om å late Ukraina få utføre missilåtak djupt inne i russisk territorium. Den russiske presidenten Vladimir Putin åtvara tidlegare denne månaden at slik ei løyve vil bli sett på som Vesten si direkte involvering i konflikten, og vil bli møtt med ein passande respons. Orda hans vart av enkelte tolka som at Moskva var klare til å sende ut atomvåpen.
I eit intervju med Sky News Arabia vart Lavrov spurt om dette var tilfellet. Ministeren svarte at medan Russland sanneleg har «våpen som kan få alvorlege konsekvensar for dei som handterer det ukrainske regimet» – altso USA og deira vestlege allierte – har dei ingen ønske om å bruke dei.
«Vi snakkar om raude linjer, og stoler på det faktum at våre vurderingar og ytringar vil bli høyrt av smarte, avgjerdstakande menneske. Å hevde at dersom nokon i morgon ikkje gjer som vi ber om, so vil vi trykkje på ‘den raude knappen’, er upassande,» sa ministeren, og la til at han trur at vestlege avgjerdstakarar forstår dette fordi «ingen ønskjer ein atomkrig».
Lavrov la vekt på at Moskva ikkje vil ha ei eskalering av Ukraina-konflikten som kan dra Vesten inn som direkte deltakar, men gjentok at dette uunngåeleg ville bli tilfelle om Kiev for lov til å bruke langrekkjevidd-våpen djupt inni Russland.
«Det vil bli ein direkte NATO-krig mot Russland… NATO fører allereie krig mot Russland, men det er ein hybridkrig gjennom hendene til Ukraina. Om vi snakkar om langrekkjevidd-missil-våpen, er det tydeleg for alle at ukrainarane sjølve ikkje vil vere i stand til å bruke dei,» sa han, og forklarte at slike oppgåver slik som mål-rettleiing, datainnsamling frå satellittar og lage flyoppdrag berre kan utførast av spesialistar frå land som produserer eit spesifikt våpen.
Lavrov gjekk deretter over til å skulde vestlege tenestepersonar som i alvor vurderer å late Ukraina utføre tilfeldige åtak på Russland, for å «ha tankesettet til eit barn» som leikar med fyrstikker.
Medan der framleis er avgrensingar på Ukraina sin bruk av enkelte vestleg-laga langrekkjevidd-våpensystem, har Kiev allereie gjentekne gonger brukt dei på mål inne på russisk territorium, som hovudsakleg har råka sivile i Krim og Donbass. Den siste månaden har derimot USA og Storbritannia antyda at dei kanskje kan tillate desse våpena brukt for å råke mål djupare inne i internasjonalt anerkjent russisk territorium. Europaparlamentet innførte tidlegare denne veka ein resolusjon som krev at EU lèt Ukraina gå til åtak djupt inni Russland med vestleg-forsynte våpen.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
