SINNSSJUK covid-domstol dømmer austerriksk kvinne for «grovt aktlaust drap» for å ha «dødeleg smitta naboen med covid-19»

Lance D Johnson i Natural News melder:

Ei nifs rettssak i Austerrike høyrest ut som den kunne ha blitt henta frå ein dystopisk roman. Ein galen, hemngjerrig påtalar og ein lydig dommar dømte ei 54 år gammal austerriksk kvinne for «grovt aktlaust drap» for å ha «dødeleg smitta naboen sin med covid-19». Den austerrikske påtalemakta argumenterte at kvinna kom i kontakt med naboen sin i ein trappeoppgang og delte virus-DNA, før naboen vart sjuk med covid-19 og døydde av lungebetennelse.

Denne skandaløse saka set ein farleg juridisk presedens, slår fast basill-teorien som definitiv juridisk doktrine, og gjer kvardagsaktivitetar gjenstand for politistat-overvaking og straffeforfølging. Med denne sinnssjuke saka kan alle med eit skadd immunforsvar straffeforfølgje kven dei vil, utan vektig evidens, for sine eigne sjukelegheiter og kroniske sjukdommar.

Uskuldig kvinne trakassert og straffeforfølgt for å kome i kontakt med nabo som til slutt vart sjuk og døydde

Den tiltalte i denne saka vart funnen skuldig i å overføre covid-19 til naboen sin etter at dei gjekk forbi kvarandre i ein trappeoppgang. Påtalemakta hevdar at tiltalte visste at ho hadde covid-19, men forlét heimen sin likevel. Kvinna, som gjorde sitt beste for å forsvare seg mot dei forrykte skuldingane, sa at ho hadde bronkitt på den tida. Derimot var påtalemakta ueinig med diagnosen hennar og hevda at ho bar eit spesifikt virus (covid-19), som til slutt tok livet av naboen hennar gjennom ein eller annan kortvarig kontakt.

Då naboen vart sjuk den påfølgjande veka, la ho og familien hennar straks skulda på den 54 år gamle kvinna for å overføre covid-19-viruset. Tragisk nok fekk ikkje naboen den skikkelege behandlinga og kunne ikkje bli frisk frå sjukdommen. Ho døydde seinare av lungebetennelse. Familien, sjølv om dei var i sorg, burde ikkje ha rett til å skulde dødsfallet på ei uskuldig kvinne. Denne saka knuser det juridiske prinsippet som blir kalla uskuldig til det motsette er prova, medan dei tekkjest basill-teori-galskapen og ignorerer rolla immunforsvaret til individet har når det gjeld å bli frisk frå ein smittsam sjukdom.

Sidan tiltalte vart straffeforfølgt for å leve livet og puste fritt, gav retten ho ordre om å levere virus-DNA-prøver. Den avlidne naboen vart òg undersøkt for virus-DNA. Den «virologiske rapporten» antyda at den avlidne naboen og tiltalte delte liknande virus-DNA. Derimot provar denne bioovervakinga absolutt ingenting, fordi alle kan dele bitar og delar av virus-DNA når som helst. Patogen er overalt. Dei ekte årsakene til sjukdom og immunsvikt vart ignorert i denne saka.

Retten ignorerer vitskapen bak det individuelle immunforsvaret, og slår fast basill-teorien som definitiv juridisk doktrine

Der finst heller ingen måte å bevise at dette virus-DNA-et vart direkte delt (overført) frå kvinna til naboen. Sjølv om der var ein orwelliansk måte å bevise at tiltalte overførte virus-DNA til naboen, korleis kan ho haldast ansvarleg for noko som er fullstendig ute av hennar kontroll? Dette er noko som uunngåeleg finn stad – å tilfeldig krysse veg med folk, puste fritt og kome i kontakt med hennar nære omgjevnader! Korleis kan ho haldast ansvarleg for den dårlege helsetilstanden, personen sin immunfunksjon, og mangelen på skikkeleg behandling som naboen fekk?

Kontrollerer den tiltalte luftrommet mellom seg og naboen sin? Kan ho kontrollere virusa og bakteriane i lufta ho pustar eller korleis dei interagerer med naboane hennar? Kan tiltalte kontrollere tilstanden til alle sine immunforsvar? Desse tinga er rett og slett ein del av å leve i eit samfunn.

Den alltid tilstadeverande naturen til covid-19, og den bedragerske bruken av PCR-testing i det relevante tidsrommet, gjer det nesten umogleg å peike på éi spesifikk smittekjelde. I tillegg er virus- og bakterielt DNA ein naturleg del av den menneskelege mikrobiomen. Det er dei ymse funksjonane til immunforsvaret som burde spele ei rolle når ein avgjer årsakene til sjukdommen. Miljø-teorien vart fullstendig utelate frå reknestykket i denne sinnssjuke dommen.

Då dommaren forkynte dommen for kvinna, erkjende han kor usannsynleg det var at dette var ei isolert hending, og stilte spørsmål ved kor rettferdig det var å utpeike denne spesifikke kvinna, spesielt for noko som ikkje kan sporast eller teljast. Derimot vart den uskuldige kvinna dømt til fire månader fengsel på vilkår, og fekk ei bot på 800 euro (886,75 dollar) [9345 kroner] for «grovt aktlaust drap».

Medan dommaren har kome med ein dom, har siste ordet enno ikkje blitt sagt. Det endelege utfallet av denne saka vil bli følgt nøye med på rundt om i verda, med potensielt nifse konsekvensar for folkehelsepolitikk og individuell fridom som går langt utover grensene til Austerrike. Dersom individ kan haldast strafferettsleg ansvarlege for å spreie ein vanleg sjukdom, spesielt med slike lemfeldige bevisstandardar, opnar det døra for ei dystopisk framtid der kvardagsaktivitetar risikerer å bli straffeforfølgt.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget