Russia Today (RT) rapporterer:
Der er for tida for lite informasjon om den sokalla «sigersplanen» til den ukrainske leiaren Vladimir Zelensky til at Russland er i stand til å evaluere den skikkeleg, sa Kreml-talsmann Dmitry Peskov måndag [23.september 2024].
Zelensky erklærte førre veke at han hadde gjort ferdig arbeid på eit forslag som kan gjere slutt på konflikten mellom Russland og Ukraina innan slutten på året dersom Vesten tek «raske avgjerder» når det gjeld å auke støtta si til Kiev.
Den ukrainske leiaren er på noverande tidspunkt i USA, der han planlegg å presentere initiativet sitt til president Joe Biden, til medlemmer av Kongressen, og til begge 2024-presidentkandidatane – Kamala Harris og Donald Trump.
På spørsmål frå journalistar måndag om forslaga til Zelensky, sa Peskov at styresmaktene i Moskva «trur at det er umogleg å utføre nokon analyse basert på mediereportasjar».
«Om noko informasjon kjem frå offisielle kjelder, vil vi naturlegvis studere den,» sa han.
For tida har Russland ei «særs reservert» haldning mot initiativet til den ukrainske leiaren fordi «der er mykje ulik informasjon, inkludert motseiande informasjon, upåliteleg informasjon,» forklarte Peskov.
Ifølgje ein reportasje i The Sunday Times, har «sigersplanen» til Zelensky fire nøkkel-klausular, slik som vestlege tryggleiksgarantiar for Ukraina som liknar på NATO sitt prinsipp om kollektivt forsvar, framhaldet av Kievs raid i den russiske Kursk-regionen for å tene som eit territorialt forhandlingskort, leveransar av «spesifikke» avanserte våpen av utanlandske støttespelarar, og internasjonal finansiell bistand til Ukraina.
Tidlegare på måndag sa Dmitry Polyansky, Russlands fyrste permanente viserepresentant i FN, at Moskva har inga aning om innhaldet i forslaga til Zelensky, og at dei ikkje har blitt invitert til å diskutere dei. «Det er vanskeleg for oss å skjøne kva som går føre seg i hovudet på galningen,» la han vekt på.
Polyansky erkjende at der «er mykje oppskrytt» om USA-turen til den ukrainske leiaren, og «om kva han kjem til å tilby og ikkje».
Under besøket skal Zelensky òg etter planen adressere årsmøtet til FNs generalforsamling, som skal finne stad i New York tysdag og onsdag.
På sundag vart Peskov spurt om det moglege utfallet av konflikten mellom Moskva og Kiev, og svarte at «der finst ikkje noko alternativ til vår [russiske] siger».
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
