Dommar gjev Alex Jones ordre om å selje InfoWars som del av erstatningsutbetaling til Sandy Hook-familiar

Shane Trejo på nettstaden Big League Politics melder:

Den amerikanske konkursdommaren Christopher Lopez har gjeve Alex Jones ordre om å selje InfoWars for å betale den gigantiske og absurde erstatninga på 1,5 milliardar dollar i oppreisning for å spreie konspirasjonsteoriar om skuleskytinga på Sandy hook.

Lopez sa i ei rettshøyring tysdag [24.september 2024] at auksjonar vil byrje i november, der alle Jones sine aktiva skal seljast. Jones lover å halde fram trass den historiske, hittil usette juskrigen som er meint å øydeleggje han. [Artikkelen bruker det engelske ordet lawfare, av law «lov» og warfare «krigføring»; å bruke rettsvesenet som våpen mot nokon med det føremål å uskadeleggjere vedkomande; oms.komm.]

«Det står skrive i stein at aktiva i Free Speech Systems, nettsida, utstyret, nettbutikken, alt dette, kan seljast,» sa Jones under ein nyleg episode av programmet sitt. «Og dei veit særs godt at der er ein gjeng patriot-oppkjøparar, og so kan operasjonen bli lettare frå der.»

Christopher Mattei, ein advokat for Sandy Hook-familiane, innrømte so å seie at søksmålet handlar om å bruke prosessen til å øydeleggje Jones sin rett til ytringsfridom.

«Alex Jones skal ikkje lenger eige eller kontrollere selskapet han bygde opp,» sa Mattei i ei offentleg melding som vart sendt ut tysdag. «Dette fører familiane nærare målet sitt om å halde han ansvarleg for skadane han har forårsaka.»

Big League Politics har rapportert om den skrekkelege kenguru-rettssaka mot Jones:

«Fordi InfoWars-grunnleggjar Alex Jones har uttrykt si upopulære meining om notidige hendingar, kan han risikere å måtte betale 2,5 billionar dollar, sidan ein ny, sovjet-liknande juridisk standard blir etablert i USA mot fiendar av regimet.

Sandy Hook-familiane, som ikkje er fornøgde med den milliarden dei fekk i den tidlegare rettssaka, vil no at Jones skal betale 2,5 billionar i det som blir ei stadig meir absurd rettssak.

Dei kom til det talet ved å gonge kvar av Alex Jones sine 550 millionar sosialmedie-uttrykk med 5000 dollar, som er den tillatne makssummen i lova. Dei saksøkjer under ei Connecticut-lov som typisk blir brukt mot selskap for produkt selde under falske lovnader. Den etablerte lova blir omskriven i all hast i eit forsøk på å straffe Jones.

‘Den einaste passande straffemessige utbetalinga i dette tilfellet er den maksimale som retten opnar for,» skreiv advokaten til familien i begjæringa. «Dei tiltalte har handla med forsett, med vondsinna føremål og med vondskap, med full kunnskap om den skaden dei påfører menneske som har ingen måte å kjempe tilbake på, bortsett frå å leggje fram denne saka.»

Sjølv om systemet no openlyst konspirerer for å øydeleggje Jones, held han fram med å byggje opp følgjarskaren sin og sementere statusen sin som ei legende på den populistiske høgresida.»

No når Jones blir forfølgt av dette urettferdige systemet, blir han berre ei endå større legende og blir meir ein hovudstraumsfigur blant MAGA-høgre. Jones er ein amerikansk helt og vil ikkje late seg stoppe.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

One comment

Kommenter innlegget