Dr. Vernon Coleman skriv (her henta frå nettstaden Exposé News):
I november skal britiske parlamentsmedlemmer diskutere eutanasi. Dersom dei bestemmer at legar kan byrje å drepe folk, so vil «legeassistert sjølvmord» (som eutanasi òg er kjent som) bli tilgjengeleg i Storbritannia – og Storbritannia vil bli nok eit land der legar har juridisk løyve til å drepe folk. (Ein burde merkje seg at eutanasi er spesifikt forbode i den hippokratiske eiden, so kvar ein lege som med vilje drep pasientar vil måtte bryte eiden.) Dette burde verkeleg skremme deg.
Det følgjande er eit utdrag frå Jack King si bok They Want to Kill Us:
Grunnleggjande sanningar om eutanasi
- Ved eit utruleg samantreff, slik som skjedde med covid-bedrageriet, skjer nøyaktig dei same tinga overalt i verda. Eutanasi blir fremja og legalisert over heile verda (akkurat som covid-bedrageriet vart fremja globalt).
- Media fremjar eit overflatisk, einsidig syn på eutanasi som ein måte å sleppe smerte og fortviling.
- Lindrande behandling, tilbode til pasientar som er alvorleg eller dødeleg sjuke, blir kutta ned slik at fleire pasientar vil samtykkje til å drepast av legen sin.
- Talet pasientar som utviklar kreft (og som krev behandling) har auka dramatisk. Bruken av munnbind og den resulterande hypoksien, resulterte i at krefttypar vart farlegare enn nokosinne. Mange nyleg ny-diagnostiserte pasientar lid av raskt-veksande krefttypar. Der herskar no ingen tvil om at dei mange krefttilfella er forårsaka av covid-19-«vaksinen». Medan talet pasientar aukar, minkar kvaliteten på omsorga tilsvarande.
- Covid-bedrageriet førde til ein auke av lydigheit – der fleirtalet av folket no er førebudde på å gjere kva enn dei får beskjed om («ta vaksine», «gå med munnbind», «hald deg heime», etc.). Dei som var lydige under pandemien vil òg lyde når dei blir tilbodne eutanasi.
- Den offisielle førekomsten av psykisk sjukdom aukar særs raskt – spesielt blant barn og unge. Lover som gjeld eutanasi blir endra slik at psykisk sjuke kan bli aksepterte som kandidatar for død.
- Lover som gjeld eutanasi blir endra slik at barn kan bestemme seg for å drepe seg sjølve utan at foreldra veit om det eller kan gripe inn.
- Politikarar og legefagforeiningar har bevisst og systematisk øydelagt primæromsorga. Og som eit resultat har helsetenester overalt svikta folket, og kvaliteten og kvantiteten på tenester har blitt verre. Mange pasientar, når dei blir stilt overfor årevis med smerte og fortviling, vil velje eutanasi som den einaste løysinga. Enkelte tilhengjarar av eutanasi har loge om kva som skal skje og kven som skal døy.
Eutanasi tydar ikkje ein smertefri død.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
