Russland planlegg å forby fremjing av propaganda om «barnlaus livsstil»

Paul Joseph Watson på nettstaden Modernity.news melder:

Russland har planar om å introdusere ei ny lov som forbyr fremjing av ein «barnlaus livsstil» og påføre store bøter til dei som pushar anti-natalist-propaganda, i eit forsøk på å reversere nedgangen i befolkningstalet.

Fødselsraten i landet ligg for tida på berre 1,49, godt under erstatningsraten på 2,1 [barn] per kvinne.

President Vladimir Putin, som har oppmoda borgarane sine om å følgje «tradisjonelle verdiar» i eit forsøk på å motverke det han vurderer som eit stadig meir degenerert Vesten, oppmuntrar kvinner til å få minst tre barn for å sikre framtida til Russland.

Som del av det føretaket driv Vyacheslav Vologyin, leiar i Statsdumaen, og hjelper til med å lage eit utkast til ei ny lov som skal forby pro-abort-propaganda på nettet, i filmar, i reklamar og i media.

Fødselsraten i Russland er for tida på det lågaste på eit kvart hundreår, og situasjonen har ikkje blitt betre av stigande dødstal som eit resultat av krigen mot Ukraina.

«Grupper i sosiale nettverk manglar ofte respekt for morskap og farskap, og viser aggresjon mot gravide kvinner, barn og store familiar,» sa Vologyin, ifølgje ein reportasje av den ungarske nyheitsformidlaren Mandiner.

Under det føreslegne lovverket kan dei som blir funne skuldige i å spreie «barnefri propaganda» bli bøtelagt med opptil 400 000 rublar (4300 dollar) [45 400 kroner], medan bota for statlege tenestepersonar vil utgjere 800 000 rublar (8602 dollar) [90 800 kroner], og for selskap kan bota vere so høg som fem millionar rublar (53 763 dollar) [567 700 kroner].

Lova står i sterk kontrast til haldningane i Vesten, der etablerte medieformidlarar stadig fremjar fordelane med å unngå å få barn, skremmer kvinner med at dei vil misse «fridommen» sin, og oppmuntrar menn til å leve som mannebabyar i ein tilstand av permanent ungdom.

Dette toppa seg tidlegare i år då Kansas City Chiefs-spelar Harrison Butker fekk vedvarande motbør for å våge å antyde at kvinner burde sikte etter å bli mødrer og husmødrer.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget