USA svarer på atomdoktrine-forslaget til Putin

Russia Today (RT) rapporterer:

Åtvaringa til president Vladimir Putin om at Russland planlegg å oppdatere sin nasjonale atomdoktrine er «uansvarleg», ifølgje den amerikanske utanriksministeren Antony Blinken.

Onsdag [25.september 2024] antyda Putin at under ei revidert utgåve av den russiske atomdoktrinen, kan kvar ein aggresjon mot landet av ein ikkje-atomstat med deltaking eller støtte frå ein atomstat bli sett på som eit «samla åtak» og krysse atomterskelen. Den føreslegne endringa impliserer at dei nye reglane kan gjelde ved eit ukrainsk åtak djupt inni Russland med avanserte våpen forsynt av USA, Storbritannia eller Frankrike.

«Det er fullstendig uansvarleg,» sa Blinken i eit intervju med MSNBC torsdag, og skulda Putin for å «rasle med atomsabelen». Han ymta òg frampå at kommentarane til den russiske presidenten var dårleg tima, sidan verdsleiarar samlast i New York for FN-generalforsamlinga denne veka, og kravde at det internasjonale samfunnet diskuterte «behovet for våpenreduksjon, ikkje-spreiing».

Kreml-talsmann Dmitry Peskov har i mellomtida forklart at forslaget til Putin om å oppdatere atomdoktrinen har som intensjon å tene som ei åtvaring overfor vestlege statar om å støtte auka ukrainsk aggresjon mot Russland eller deira nøkkelallierte, Kviterussland.

«Det er ei signalåtvaring til desse nasjonane om konsekvensane av at dei tek del i eit åtak på landet vårt med ymse metodar, inkludert ikkje-atomrelaterte,» sa Peskov, og la til at han var sikker på at alle fornuftige og analytiske leiarar har forstått alvoret i erklæringa til Putin.

Putin har ikkje lagt ut i detalj om når endringar i den russiske atomdoktrinen vil bli gjeldande.

Tidlegare har den russiske leiaren gjentekne gonger uttrykt ein reservert posisjon rundt temaet atomvåpen, og sa i juni at han håpte at ei atomutveksling mellom Moskva og Vesten aldri ville skje.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget