Megyn Kelly til Kamala Harris: «Alle drit i mora di!»

Steve Watson på nettstaden Modernity.news melder:

Den konservative SiriusXM-programleiaren Megyn Kelly sa nøyaktig det alle tenkjer kvar gong Kamala Harris sporar av og byrjar å snakke om mora si når ho blir stilt spørsmål om økonomipolitikken sin.

«Alle drit i det.»

Kelly refererte spesifikt til ein ordsalat Harris lira av seg under det patetiske manusopplesne intervjuet med MSNBC-bedragar Stephanie Ruhle førre veke.

Ruhle spurde Harris kvifor so mange amerikanarar «ikkje ser seg sjølve i planane dine», som Harris svarte på med ein ordsalat om «ånda og karakteren til det amerikanske folket», før ho gjekk over til å skravle om barndommen sin.

Dette er ikkje fyrste gong Harris har skravla ustanseleg om barndommen utan nokon grunn.

Kelly skjelte ut Harris for å gjentekne gonger snakke om korleis mora hennar oppdrog ho i ei «middelklasse»-hushaldning, og oppmoda Harris til å «slutte å snakke» om seg sjølv og konsentrere seg om «folk som faktisk lid».

«So avsluttar ho det med – vi speler ikkje dette – ‘eg kjem frå middelklassen. Mora mi oppdrog meg og systera mi, og ho arbeidde hardt.’ Alle drit i mora di, dei bryr seg om seg sjølve,» slo Kelly fast.

«So den einaste tingen ho sa i heile svaret, og dette var heilt på slutten, var ‘So visjonen min for økonomien er å handtere enkelte av kvardagsutfordringane som folk står overfor, og adressere dei med fornuftige løysingar,’» la Kelly vekt på.

Ho heldt fram: «Og so har vi desse fire orda – slik som, ja, kva? Bustader folk har råd til – okay?»

Kelly sa vidare: «Bustader alle har råd til, ho kjem til å løyse den. Vi er ikkje sikre på korleis, men ho nemnde ei skattelette på 25 000 dollar berre for fyrstegongskjøparar. So dersom du allereie har eigt ein heim, er du føkka. Dersom du slit med å betale bustadlånet, men det skjer med den andre heimen du eig, so er du føkka. Det er det. Og so ønskjer ho å på eit eller anna vis skape fleire bustader – vi veit ikkje korleis.»

Her er heile segmentet.

Ingenting Harris seier har noko som helst substans. Ho har mislykkast i å leggje ut ein einaste politikk-ståstad effektivt. Alt ho seier er ein tom platityde.

Det er òg grunnen til at surrogata hennar òg er ute av stand til å selje ho som kandidat.

Dei kan ikkje eingong svare på eit enkelt spørsmål.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget