Cassie B. på NewsTarget, systersida til Natural News, melder:
Regjeringar rundt om i verda overreagerte utan tvil på covid-19. Frå kategorisk nedstenging til fullstendig frårøvying av helsefridommen til folk; heile reaksjonen på viruset var langt meir ekstremt enn sjølve situasjonen rettferdiggjorde – og den konservative kommentatoren Heather MacDonald ved tenkjetanken Manhattan Institute har samanlikna responsen med reaksjonen til ei stereotypisk «hysterisk kvinne».
Ho sa at covid-19 var «sjølve lekamleggjeringa av det kvinnelege verdssynet, som er ute av stand til å balansere risikoar og fordelar».
Sjølv om personar av begge kjønn er sårbare mot å bli overmanna av kjenslene sine under harde tider, var den kollektive responsen so emosjonelt sterk at det er vanskeleg å fatte korleis den i det heile teke skjedde, spesielt når vi hadde so mange fakta tidleg nok til å hindre at verda vart kasta ut i økonomisk og psykologisk kaos.
Data frå Italia i dei tidlege dagane av pandemien gjorde det tydeleg at snittalderen på dei som døydde av viruset var 80. Medan framskriden alder ikkje gjer det noko lettare å akseptere at ein kjær går bort, tydar det at ein kategorisk respons ikkje var rettferdiggjort og retta mot gruppene som fortente vårt fokus når det gjaldt forhindring og vern.
I tillegg veit vi at mesteparten av offera hadde tre eller fleire følgjetilstandar. Denne gruppa av individ er langtfrå stor nok til å rettferdiggjere at alle vart isolerte frå sine kjære, at bedrifter vart stengde ned i månadsvis, og at folk vart hindra i å gå på arrangement eller ete ute, eller gå i kyrkje fordi dei valde å ikkje ta vaksine.
Noko av reaksjonen på viruset kom då ein plasserte kjensler over fakta, og det bevegar seg òg inn på kvinne-stereotypien som følgjer kjenslene sine i staden for å roe ned og ta del i meir rasjonell tenking om situasjonen på lang sikt.
Manipulasjon og skuldpåføring når det gjaldt vaksinasjon
Vidare hadde frykta og manipulasjonane som vart brukt for å få folk til å lyde stadig meir overstyrande føretak «mamma-skyld» skrivne over seg. Dette kunne ein til dømes sjå i vaksineslagorda som spelte på kjenslene til folk, som at dersom du ikkje tok sprøyta for din eigen del, burde du i det minste ta den for å «beskytte» dei rundt deg. Kor mange gonger høyrde vi ein eller annan variasjon av «ikkje drep bestemor» under vaksineutrullinga?
Mange føler at dei vart mobba til å ta sprøyta, spesielt dei som hadde alvorlege reservasjonar mot tryggleiken til desse utesta vaksinane, men som lydde for å unngå å misse jobben. Det heile såg ut til å ha ein «slem jente»-tone til seg mesteparten av tida, der mange rapporterte om at kollegaer, venner og til og med familie stengde dei ute for å ikkje følgje det som «skaren på innsida» gjorde, og rulla opp erma sine.
Skular rundt om i verda vart stengde utelukkande på grunn av «verst tenkjelege scenario», og dei tok ikkje det større biletet til etterretning. Morsinstinkt kan få enkelte kvinner til å ønskje å unngå risiko for ein kvar pris, spesielt når det gjeld barna deira, men fakta gjorde det meir enn tydeleg at unge hadde nesten ingen risiko når det gjaldt viruset, og at dei leid psykologisk og akademisk som eit resultat av skulestenging. Kvifor oppførte vi oss som om unge var i risikogruppa når fakta sa det motsette?
Ideen om eit virus som kan utslette menneskeheita er visseleg høgst urovekkjande, og har lenge utgjort materiale til bøker og filmar. Då covid-19 fyrst byrja å lage overskrifter, var der mange grunnar til å få panikk, men so fort vi byrja å sjå det større biletet og sjå dei reelle risikomomenta, resulterte det faktum at virus-hysteriet faktisk fekk bein å gå på, heller enn å trekkje seg stilt tilbake, i skade på samfunnet som vi vil merke i fleire tiår framover – for ikkje å nemne den prisen millionar av menneske vil betale når det gjeld helsa, etter å ha blitt mobba eller skyldpåført til å ta covid-19-vaksinar.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
