Niamh Harris på nettstaden The People’s Voice rapporterer:
Ein viseprofessor i fysikk ved Universitetet i Portmouth har hevda at vi rett og slett er rollefigurar i ei avansert KI-verd som liknar på den i Matrix-filmane.
Ifølgje professor Melvin Vopson er heile universet vårt ei avansert datasimulering, og beviset er å finne fullt synleg i Bibelen.
Vopson hevdar at «Bibelen sjølv fortel oss at vi er i ei simulering, og den fortel oss òg kven som gjer det… Det er gjort av ein KI – ein kunstig intelligens.»
Mail Online rapporterer: Professor Vopson peiker på Johannes-evangeliet [engelsk Gospel of John], ein av dei fyrste fire bøkene i Det nye testamentet, den andre delen av den kristne bibelen.
Johannes-evangeliet opnar med den kraftige ytringa: «I byrjinga var ordet, og ordet var med Gud, og Ordet var Gud.»
Professoren seier at dette verset har «djup teologisk tyding i kristen doktrine», men det ber òg med seg «intrigerande implikasjonar» når ein ser på det i konteksten av universet som ei simulering.
Han argumenterer at «Ordet» i denne namngjetne setninga refererer til den underliggjande datakoden som legg føringar på og kontrollerer simuleringa.
Som alle som har sett The Matrix veit, består kvar ei datasimulering, liten eller stor, av bokstavar og tal som skriv reglane for heile skapinga.
Akademikaren argumenterer vidare at «Ordet var Gud» kan tyde at Gud er del av simuleringa, heller enn skild ut av den.
Med andre ord er vesenet som kontrollerer heile greia – Gud – skriven inn i koden òg.
Professor Vopson forklarer: «Koden som styrer simuleringa er ikkje skilt frå det guddomlege, men snarare ein integrert del av den, kanskje ein KI.»
Johannes-evangeliet seier vidare: «Alle ting vart laga av han, og utan han vart ikkje noko laga…»
Igjen støttar denne ytringa teorien om det simulerte universet, føreslår professoren.
«Det impliserer ein Skapar som skapte universet gjennom Ordet (altso koden),» seier han.
«Det antydar at skapingshandlinga, som skildra i Bibelen, kan tilsvare ei guddomleg programmerings- og simuleringshandling.»
Ein kan argumentere for at teorien tilbyr eit svar på spørsmålet mange kristne strevar med: korleis skapte Gud universet på berre seks dagar?
Dersom ein skal tru på teorien, gjorde han dette ved å skape ein simulert røyndom inni eit dataprogram – noko vi veit er mogleg.
Professor Vopson har lagt ut om hypotesen sin i si nye bok Reality Reloaded: The Scientific Case for a Simulated Universe.
Han seier at det ikkje er noko han naudsynlegvis trur på, men «ein ekstraordinær observasjon som fortener merksemd».
«Det som er verkeleg merkverdig er at denne tolkinga på fullt er på linje med hendingane i vår tid: Framveksten av KI, og det er òg nøyaktig det som The Matrix projiserte,» sa han til Mail Online.
Medan tankane til professoren for enkelte kan verke som vanhelging [nynorskordet for «helligbrøde»; oms.an.], seier han at det kan «ha djuptgripande implikasjonar for den kristne teologien».
Han trur at der finst er overlapping der trua på eit simulert univers og det religiøse behovet for ein allmektig skapar «kan sameksistere harmonisk».
«Dette perspektivet er på linje med religiøs tru som ser å menneskeliv som meiningsfylt og føremålsfylt, sjølv i konteksten til eit større design,» seier han.
«I staden for å sjå på hypotesen om eit simulert univers som antagonistisk overfor religiøs tru, kan ein sjå på det som noko som tilbyr eit komplementært perspektiv.»
Professoren har allereie sagt at liva våre inneheld fleire hint som antydar at vi berre er rollefigurar i ei avansert, virtuell verd.
Til dømes, det faktum at der er grenser for kor raskt lys og lyd kan reise, antydar at dei kan vere lagt føringar på av farten til ein dataprosessor.
Fysikkens lover som styrer universet liknar òg på datakode, seier han, medan elementærpartiklar som materie består av liknar på pikslar.
Han trur òg at overfloda av symmetri i verda – frå blomster til sommarfuglar og snøfnugg – er ein datakraftsparande teknikk som maskinene bruker for å gjengje den digitalt konstruerte verda.
Simuleringsteorien er ikkje unik for professor Vopson; faktisk er den populær blant ei rekkje velkjende figurar, inkludert Tesla-grunnleggjar Elon Musk og den amerikanske astrofysikaren Neil Degrasse Tyson.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig. Sjå òg «Er vi avatarar som lever i eit datasimulert strategispel?», publisert 22.september 2024.

Dette er jo bare tull. Ordet i Joh. evangelium er å forstå som Guds sønn, Jesus. Han blir av noen kristne forklart som Gud personlig. Noe som er forstyrrende, fordi noen da forstår dette som om det var Gud som ble mennesket, og så surrer de det til når det kommer til at det var Gud som ba til seg selv. F eks da Jesus hang på korset. Og ba til sin Far. Jesus var ikke Gud men var «guddommelig».
LikarLikt av 1 person
Professoren ser ut til å ha lite å gjere på 😉
LikarLikar